Hopp til innhold

Tenåringar barka saman i sentrum

Politiet måtte natt til torsdag rykke ut etter melding om slåsting i sentrum av Førde. Mykje ungdom var samla i området i samband med ei skuleavslutning.

Politi

ILLUSTRASJON: Politiet fekk i natt litt å styre med i samband med ei skuleavslutning i Førde.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Like før klokka 00.30 i natt fekk politiet melding om at ein person var slått ned i sentrum av Førde.

I samband med at dei vidaregåande skulane i byen hadde eit avslutningsarrangement hadde politiet ein del patruljar ute, og politiet kom raskt til staden. Kamphanane var då allereie skilte frå kvarandre.

Politiet har snakka med både den fornærma og den mistenkte, som har to ulike forklaringar på kva som har skjedd. Ingen av dei to gutane på 17 år skal ha hatt merkbare skader eller trengde legehjelp.

Ved operasjonssentralen til politiet får NRK torsdag morgon opplyst at det er uklart om den fornærma kjem til å melde forholdet.

Litt seinare på natta, klokka 01.25, fekk politiet melding om ein ung mann på 17 år som hadde ramla og slått seg i ansiktet. Vedkommande fekk hjelp av helsepersonell, men politiet har ikkje ytterlegare opplysningar om skadeomfang.

Oppmoda foreldre til å ta seg ein tur

Allereie onsdag kveld skreiv politiet om skuleavslutninga på loggen sin. Dei registrerte at det var ein del feststemt ungdom samla i sentrum, og hadde difor ein del folk ute.

Politiet oppmoda onsdag kveld foreldre til å ta seg ein tur ut for å sjå til sine born.

Torsdag morgon melder politiet at det for det meste har gått greitt for seg.

– Vi hadde ein del patruljar i området, så dette kan ha verka førebyggande, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I tillegg til slåstinga vart ein mann på 18 år vist fekk frå Førde hotell av politiet klokka 23.40. Vel 20 minutt seinare fekk politiet melding om at to personar knuffa med kvarandre ein annan stad i sentrum. Politiet kom raskt til og situasjonen roa seg.

Slagsmål også i kystbyen

Også i Florø fekk politiet litt å hanskast med i natt. I halv-tre tida måtte ein mann oppsøke legevakta fordi han hadde fått kuttskadar etter å ha vore i slagsmål med ein annan mann. Slagsmålet skal ha funne stad i sentrum av kystbyen.

Ifølgje operasjonssentralen vil denne saka bli meld, og politiet vil følgje den opp på dagtid torsdag. Den fornærma veit kven gjerningspersonen er. Årsaka til slåstinga er ikkje kjent.