NRK Meny
Normal

Tenåring viste fingeren til politiet

Ein mann i slutten av tenåra viste fingeren til ein politipatrulje i Sogndal i natt og fekk bot. Slik var natta for politiet.

Politiet i arbeid.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Fleire utestadar i fylket hadde slåstkampar der politiet vart tilkalla. I Førde vart ein mann i 20-åra vist bort frå sentrum, etter å ha vore blanda inn i eit slagsmål utan for ein utestad.

På Sandane hadde ein utestad problem med ein rusa gjest, men då politiet vart tilkalla forsvann mannen frå staden.

Også i Florø var det slagsmål, og her var ein bensinstasjon arena for slåstkampane. Politiet vart kalla ut, men då dei kom frå var kamphanane borte vekk. Politiet følger opp saka over helga og melder at slåstkampen skjedde utanfor stasjonen.

I Førde fekk også politiet inn klagar på bråk frå ei leiligheit rett over midnatt, men etter at patruljen hadde tatt ein tur innom ordna det heile seg.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SLIK VAR NATT TIL LAURDAG: Sendt til sjukehus etter slåstkamp

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.