NRK Meny
Normal

Kjøpte chips og cola for å skjule råkøyring

Først nekta tenåringen for å ha køyrt forbi trafikkontrollen. Så erkjende han alt overfor politiet. I retten avviste han å ha køyrt i 133 km/t i Våtedalen.

Fjordane tingrett 12

ILLUSTRASJON: Ein ung bilførar må klare seg utan førarkort i 12 månader etter å ha blitt målt til 133 km/t i Våtedalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

No har Fjordane tingrett dømd mannen til samfunnsstraff for både fartsoverskridinga og for ikkje å ha stogga for fartskontrollen i Gloppen.

Kjøpte brus og chips

Det var i slutten av februar i år at målinga vart gjort ved Egge. Bilen på veg nordover køyrde for fort til at tenestemannen fekk notert registreringsnummeret, men etter å ha lagt seg på hjul med blålys kom ein kollega etter kvart i kontakt med føraren av ein identisk bil.

Bak rattet sat ein fersk bileigar som tenestemannen opplevde som nervøs. Først nekta tenåringen for å ha køyrt gjennom Våtedalen og viste fram både chips, cola og ein kassalapp for å overtyde tenestemannen.

Seinare har mannen erkjent i politiavhøyr å ha køyrt den aktuelle strekkja, at han kan ha køyrt i 133 km/t og samtykka til førarkortbeslag.

Trudde ikkje på han

Då saka var oppe i Fjordane tingrett endra han igjen forklaringa, og hevda han køyrde i 82–84 km/t. Han kunne ikkje gje noko forklaring på dei ulike forklaringane.

Retten festa ikkje lit til forklaringa hans. Ei heller at han parkerte han så langt vekk frå andre som mogleg, fordi han var redd for å få bulkar i bilen han hadde hatt nokre få veker.

– Retten finn det bevist ut over rimeleg tvil at parkeringa og handlinga på Coop vart gjort for å skjule seg for politiet, og for å sikre eit mogleg alibi dersom han seinare skulle bli funnen, skriv dommarfullmektig Lisa Førde Refsnes.

I løpet av 120 dagar må han gjennomføre 40 timar samfunnsstraff, han må klare seg 12 månader utan førarkort og må betale 2 000 kroner i sakskostnader til det offentlege.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast