NRK Meny
Normal

Tenåring skadd etter utforkøyring

Ein 19 år gamal mann er lettare skadd etter at ein bil køyrde i grøfta og hamna på taket på E39.

Utforkøyring nord for Vassenden

GJEKK RUNDT: Bilen hamna først i grøfta før den hamna på taket.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Ulukka skjedde ein kilometer nord for Vassenden i Jølster. Bilføraren er henta av ambulanse og blir frakta til Førde sentralsjukehus.

– Det var ingen andre køyretøy involvert, melder politiet på Twitter.

Ifølgje NRK sin reporter på staden var det lange køar i begge retningar på E39 etter ulukka.

Klokka 11.40 melder politiet at køane på staden har løyst seg opp, og at ulukka ikkje har skapt større trafikkutfordringar.

Bilkø E39 etter ulukke på Vassenden

LANG KØ: Utforkøyringa førte til lange køar på den sterkt trafikkerte europavegen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå