NRK Meny
Normal

Tenar på tare i Værlandet

«Seaweed» på Værlandet gjer butikk å på tare. Dei dyrkar tare som dei sel til butikkar og restaurantar.

Slik vidareforedlar dei tare i Værlandet

Fotograf Stian Sjursen Takle

– Her har vi tre sortar, Sukkertare, Butare og Fingertare fortel Daniel Fedøy i det han viser fram produksjonslokala til Seaweed på Værlandet.

Sukkertare og Butare dyrkar verksemda sjølve, medan Fingertare har synst seg vanskelegare å dyrke, så den blir hausta vilt.

– Spesielt Butare har vi fått godt til, og det er også den som er mest ettertrakta

Meir vanleg enn laks

Verksemda i Værlandet har i første om gang sikta seg inn mot hotell og restaurantar.

Tare på tallerken

TARE PÅ TALLERKEN: Tare som tilbehøyr til sjøkreps

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Eg trur vi må byrje med kokkane, og la folk smake det godt tilbereredt på restaurant frøste gong. Skal vi nå ut til folk flest trur eg vi ha eit ferdig produkt.

Om tare er nytt på matfronten i Noreg er det på verdsbasis meir vanleg å ete tare enn laks. Måndag var Fedøy i møte med Norsk sjømatsenter

– Eg trur absolutt det er ein marknad, vi ser også no her heime at sushi har blitt den nye laurdags-tacoen.

Sa opp jobben som fiskar

«Seaweed» starta opp i 2014 og Fedøy sa opp jobben som fiskar for å satse på tare. No haustar dei første avlingane frå taren dei har ståande ved Alden.

– Vi har jo ein kafe her som vi har døypt «Havsalaten», der servere tare, både som smaksforsterkar og slik den er.

Tare

NYTT PRODUKT: «Seaweed» satsar på å gjere tare til eit heilårsprodukt.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Når taren er hausta kjem den til fabrikken på Værlandet. Der den blir vaska og kutta for hand, før den blir vakuumpakka, varmebehandla og frosen ned.

– Vi håpar vi skal kunne gjere tare tilgjengeleg for folk året rundt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser