Hopp til innhold

Tenar best av kommuneleiarane

Vågsøy-ordførar og investor Roger B. Silden (Ap) tronar øvst på inntektstoppen for kommuneleiarane.

Roger B. Silden.

Roger B. Silden

Foto: NRK

Ordføraren tente i fjor 1,7 millionar kroner. Det er 800.000 meir enn Førde-ordførar og gardbrukar Nils Gjerland.

DESSE TENTE MEST I FJOR

- Mi inntekt speglar fleire ting enn berre løna som ordførar. Eg er jo medeigar i ein del selskap som har gjort det bra, fortel Silden.

- Nysgjerrige på naboen

- På ein måte kan eg godt forstå at folk er nysgjerrige på kva naboen tener. Men eg har ikkje heilt sansen for det.

- Kvifor ikkje?

- Eg kan ikkje sjå kva andre folk kan lese ut av desse skattelistene. Det er så mykje som ligg bak tala. Eg trur ikkje folk flest veit kva som ligg bak.

0 i inntekt

Nederst i oversikta som firda.no har utarbeidd finn vi Arbeidarparti-ordførar i Lærdal, Arne Sanden, med null kroner.
Sanden vil ikkje la seg intervjue av NRK Sogn og Fjordane om inntekta si. Men forklarar at dette talet er ei nettoløn, og at han har ein del frådrag som gjev dette utslaget.

Her kan du søkje i skattelistene