Hopp til innhold

Stort temperaturfall over heile fylket - og det vert kaldare

Temperaturane fall brått over heile fylket tysdag ettermiddag. Og dei vil fortsetje nedover i dagane som kjem.

– Vi opplevde eit vêrskifte torsdag ettermiddag, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare.

For temperaturane har falle over store deler av fylket tysdag ettermiddag.

Frå 26 til 17 grader på få timar

Ved Ytterøyane fyr utanfor Florø var det målt 22 grader tysdag ettermiddag. Klokka 20 på kvelden var det nede i 15. Ikkje mykje betre var det ved Norsk Bremuseum i Fjærland, der gradestokken kraup ned frå 26 til 18 grader.

Størst nedgang var det likevel ved Fureneset. Midt på dagen tysdag kunne folk nyte 26,5 grader. Berre få timar seinare var fasiten 17,3 grader celsius.

– Det er ikkje ekstremt, men eit raskt fall grunna skyer og regnbyer, seier Skare.

Men ikkje alle har opplevd vêrskiftet enno.

– I Lærdal har det halde seg ganske varmt. Det var oppe i 27 grader, men framleis var det 23,7 grader rundt klokka 20, seier han.

Enno kaldare i dagane som kjem

Meteorologen forklarar at hovudfallet i temperaturen kom tysdag ettermiddag.

– Du vil nok klart merke at det at det er kaldare luft onsdag morgon, åtvarar Skare.

For onsdag vil temperaturane midt på dagen liggje mellom 15 og 18 grader.

– Det vil vere regnbyer og utrygt for torevêr fleire stader, seier han.

Torsdag må folk belage seg på mykje av det same. Temperaturane vil falle noko, og liggje mellom 13 og 17 grader.

Men så kjem helga!

Men folk treng ikkje fortvile. Når helga kjem, vil gradestokken krype oppover og sola kike fram.

– Det lettar att til helga, nærmare bestemt fredag ettermiddag, seier meteorologen.

Og på badedagen vert det fint ver.

– Laurdag vert det sol og rundt 20 grader, og det vil halde seg fint også til sundag, seier Steinar Skare.