NRK Meny
Normal

Temperament kan øydeleggje

Liv Signe Navarsete er kjent for stort temperament.

Liv Signe Navarsete.
Foto: Heidi Lise Bakke. / NRK

I dag blir Liv Signe Navarsete valt til ny leiar i Senterpartiet . Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam trur ikkje partileiarjobben vert nokon dans på roser.

- Det ho manglar er den erfaring som skal til for å fungere som toppartileiar i det brutale mediebiletet vi har etter kvart, seier han.

- Det er ganske krevjande å plutseleg måtte overta denne jobben så tett opp til ein valkap.

Ingen dans på roser

Den siste veka har Navarsete vore i søkjelyset etter at sjåføren hennar køyrde i 110 km/t i 80-sona for å rekkje vegopninga i Lærdal.

Navareste skulda journalistane for å drive ondsinna journalistikk. Takvam meiner dette ikkje var lure utsegn frå ministeren.

- Der kokte det nok over. Temperamentet vil nok bli ei utfordring, seier han.

- Ho er hissig. Det er ikkje alltid når ho blir skikkeleg opptrekt, at det som kjem ut er det mest fornuftige, seier politisk kommentator i NRK Sogn og Fjordane Eldgrim Fossheim.

Engasjert og begeistra

Likevel meiner Takvam at Liv Signe Navarsete er den beste partileiaren Senterpartiet kan velje.

- Ho har mange gode personlege og politiske eigenskapar. Først og fremst dette med å vere veldig engasjert og begeistra, spreie begeisting internt i partiet og kommunisere politikken godt utad, seier Takvam.

Ingen reell diskusjon

Liv Signe Navarsete tek over etter Åslaug Haga som trakk seg 19. juni i år.

- Det var ingen andre kandidatar som kunne samle like brei støtte i Senterpartiet som Liv Signe Navarsete. Så etter mi meining har det aldri vore nokon reell diskusjon om kven som skulle ta over etter Aslaug Haga, seier Takvam.

Det er store forventningar til at Navarsete no skal gjenreise Senterpartiet.

- Den store utfordringa er å engasjere Senterpartisympatisørar som har svikta og få dei tilbake framfor valet. Erfaringa hennar er kanskje mangelfull, men ho har vakse med oppgåvene, seier Eldgrim Fossheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.