NRK Meny
Normal

Telenor: Ikkje stol på mobilen i påskefjellet

Nordmenn stolar for mykje på mobiltelefonen under påsketurar i fjellet. Det kan i verste fall sette menneskeliv i fare.

Røde Kors i påskefjellet

PÅSKETUR: Røde Kors og Telenor oppmodar alle turgåarar i påskefjellet om å ta med kart og kompass.

Foto: Norges Røde Kors / Norges Røde Kors

– Lit ikkje på at det er mobilen som skal redde deg i påskefjellet, for då kan du sette andre sine liv i fare ved at du ikkje får ringt, åtvarar dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Dekningsdirektør

ÅTVARAR: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, åtvarar mot å lite på mobilen i påskefjellet.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Med god dekning i store delar av Noreg, er mobiltelefonen ofte ein fast følgesvein på turar i påskefjellet.

– På dei aller fleste stadane i fjellet er det bra dekning, men nettopp difor eg vil åtvare mot å stole på mobiltelefonen, fortel Amundsen.

Med mykje vêr og vind på fjellet kan mobilen vere ein falsk tryggleik, meiner Amundsen.

– Dårleg vêr kan sette sendarane vore ut av funksjon, eller det kan vere kulde som tappar mobilen for batteri. Med tomt batteri vil du ikkje kunne bruke kompasset på mobilen.

Les også: Disse stedene kan ikke mobilen redde deg

Folk- og fjellvett

Med dårlege vêrmeldingar framover i påska, bør ein tenke seg om ein eller to gonger over forventingar til mobiltelefonen.

– Alle har mobiltelefon, og forventar at den skal fungere uansett vêr, men det gjer den ikkje, fortvilar Amundsen.

Dekningsdirektøren i Telenor oppmodar turgåarane til å følgje vanleg folk- og fjellvett.

– Det er viktig å minne på at det er sunt folk- og fjellvett som gjelder. Ha med anorakk, varme kleder og ein ekstra ladar til telefonen.

Mobil på tur

STOL IKKJE BLINDT PÅ DENNE: Ein mobiltelefon kan vere falsk tryggleik under turen på påskefjellet.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Kulde tappar telefonar for batteri, og er ein av grunnane til at ein ikkje bør stole blindt på at mobilen vil hjelpe deg i ein krisesituasjon.

– Ha telefonen tett inn til kroppen, sånn at den held varmen. Men sjølv då kan batteriet døy ut når du treng det som mest, seier Amundsen.

Ta med kart og kompass

Ole Gladsø, leder i landsrådet for Røde Kors Hjelpekorps

BRUK KART OG KOMPASS: Leiar for informasjonssentralen til Røde Kors på Gol, Ole Gladsø, meiner at turgåarar bør bruke kart og kompass, og mobiltelefon som eit supplement.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Leiar for informasjonssentralen til Røde Kors på Gol, Ole Gladsø, merkar større medvit i turgåarane sin bruk av mobiltelefon i påskefjellet, men meiner den likevel bør brukast som eit tillegg til kart og kompass.

– Vi lar oss påverke av at mobilar fungerer så bra i kvardagen, og har eit inntrykk av at den vil fungere plettfritt på fjellet. Smarttelefonar brukar mykje strøm i kulde, så ein burde heller bruke mobilen som eit supplement.

Når du ikkje kan stole på dekninga alle stader, eller at batteriet på mobilen held, er gjerne gamle metodar best.

– Kart og kompass er veldig viktig når det er meldt dårleg vêr i påska, så ta difor med kart og kompass på påskefjellet, oppmodar dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Les også: Skredfare, refleksvest og vindsekk i nye fjellvettregler

Les også: Dette må du pakke i påskesekken

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser