Hopp til innhold

Telenor stengde telefonnettet utan å varsle naudetatane

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er svært kritiske til at Telenor ikkje hadde varsla dei om planlagt arbeid på telefonnettet i Svelgen natt til måndag. – Dette kunne ha fått fatale konsekvensar, seier dagleg leiar Terje Brandsøy.

Svelgen

UTAN DEKNING: Store delar av Svelgen var i ein periode natt til måndag utan mobil- og fasttelefondekning.

Foto: Ståle Sørbotten

Dei tilsette ved Alarmsentralen vart i natt merksame på at dei ikkje fekk kontakt med det lokale brannvesenet i Svelgen. Ein urovekkjande situasjon som førte til rask handling.

– Vi måtte kontakte ein mann i Davik og sendte han til Svelgen for å vekke opp brannbefalet. Deretter fekk vi oppretta eit mellombels samband via det nye naudnettet, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Planlagt arbeid – ingen var varsla

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

KRITISK: Dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen likar dårleg at dei ikkje vart varsla om nedetida på nettet.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Årsaka til at store delar av Svelgen var utan mobil- og fasttelefondekning var at Telenor dreiv med eit planlagt arbeid på nettet. Vi burde vore varsla, seier Brandsøy.

Dette fører til at innbyggjarar og publikum ikkje når fram til naudetatane, og vi når ikkje ut til våre ressursar dersom det oppstår hendingar i området. Det å misse sambandet i desse dagar kan få fatale konsekvensar, seier Brandsøy og får støtte frå kollega Frode Korneliussen.

– Det er graverande at Telenor kan fare fram på ein slik måte. Hadde vi fått ei større hending i bygda hadde vi fått problem. Med førehandsvarsling kunne vi ha oppretta satellittsamband og andre type samband, seier vaktleiar Korneliussen.

Har følgt eigne rutinar

Informasjonssjef for Telenor Norge, Tormod Sandstø, seier nedetid på telefonnettet ikkje er til å unngå.

– Telenor har eit landsomfattande nett med fleire tusen basestasjonar. For å oppgradere og utvikle nettet må vi ha litt nedetid, seier han.

Det planlagde arbeidet i Svelgen i natt gjekk føre seg mellom klokka 00.00 og 02.37 ifølgje Telenor sine eigne loggar. Sandstø seier det var etter boka når dette ikkje blei varsla til naudetatane.

– Vi gjer vurderingar i forhold til omfang og lengde på arbeidet. Ikkje alt blir varsla, og i dette tilfellet vart det ikkje varsla då det gjekk over ein avgrensa tidsperiode om natta.

Han seier rutinane for varsling er dei same i alle område, og at det ikkje er knytt opp til for eksempel innbyggjartal.

Lovar å lytte til innspel

Tormod Sandstø

VIL LYTTE: Tormod Sandstø i Telenor lovar at dei vil lytte til innspel om varsling av nedetid.

Foto: Pressefoto

Brandsøy på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier dei opplevde det same så seint som 13. august, og vil no ta saka vidare.

– Vi har meldt dette vidare til fylkesberedskapssjefen og snakkar også med Telenor. Vi ventar eit skikkeleg svar som fortel oss at vi skal bli informert slik at vi kan setje i verk andre tiltak når denne typen arbeid skal skje, seier han.

Telenor lovar at dei vil lytte.

– Denne typen arbeid er noko vi må halde fram med å gjere, og vi er opptekne av å ha ein god dialog med lokalbefolkning, naudetatar og fylkeskommunar. Vi må ha ein dialog og sørge for at vi har gode varslingsrutinar som er i tråd med dei forventningane som er der ute, seier informasjonssjef Tormod Sandstø.