Hopp til innhold

Telenor med online-kø

Rundt 500.000 epostbrukarar med online.no-adresse kan ha hatt problem med å sende og ta mot epost.

E-post

Arkivfoto.

Foto: Jon Eeg, Eeg, Jon

I førre veke vart serveren til Telenor bombardert av mail frå utlandet, og overbelastninga førte til forseinkingar hos fleire hundre tusen brukarar.

- Lurer på om folk er sure på meg

Online.no-brukar Jan Eide lurer på om han sit i Kjølsdalen og sender mail fånyttes.

- Eg har sendt epostar til ein del folk utan å få svar, så det må vere kluss ein eller annan stad.Eg redigerer ei webside, og då hadde det no vore kjekt å få svar på slikt som eg lurer på. Når eg ikkje får svar lurer eg på om dei er sure på meg.

Serverproblem

Fleire av online.no-brukarane i Norge kan også denne veka oppleve å motta mailar som kjem forseinka på innboksen grunna serverproblema til Telenor.

Eide treng å lite på at mailen hans fungerer, og ringde Telenor då han oppdaga feilen i førre veke. Men han har framleis problem med å motta mail som vert sendt til innboksen hans.

Per Aril Meling
Foto: Telenor

- I orden denne veka

Men informasjonsdirektør i Telenor, Per Arild Meling, seier problema med serveren skal vere løyste denne veka.

- Det har kome svært mange epostar frå utanlandske serverar, og vi arbeider no med å stengje desse ute. Vi har framleis problem, men ikkje i ein slik grad som i førre veka. Eg trur at dei aller fleste av våre brukarar ikkje skal ha problem med å send eller ta imot post i dag.

Gamle epostar kjem fram

- Kva med epostar som har vore sende og som ikkje har kome fram?

- Det er framleis litt tregheit i systemet, så det vil nok dukke opp ein og annan gamal epost som har lege i kø.