NRK Meny
Normal

Telenor har fått retta feilen - mobilnettet er oppe og går att

Ifølgje Telenor skal no alle som har hatt problem med mobilsambandet i fylket ha fått att summetonen.

Illustrasjonsfoto smarttelefon

I ORDEN: Telenor har fått fiksa feilen som førte til at det var problem med mobiltrafikken både i Gloppen, Aurland og Jølster.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– No er alt i orden att, og mobiltrafikken er oppe att og går både i Gloppen, Aurland og Jølster. Også dei 40 i Aurland som har vore utan fasttelefon har fått tilbake nettet sitt, seier informasjonssjef i Telenor, Per Arild Meling.

Telenor fekk eit utfall for desse abonnentane i 04-tida natt til tysdag.

Fann brotstaden i føremiddag

– Vi klarte å lokalisere brotstaden til Vossestrand i Hordaland. Dette klarte vi å rette til om lag klokka 15.10, seier Meling.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til kabelbrotet.

– Nei, det har vi førebels ikkje noko svar på, men vi har fått tilbakemelding på at alt er OK, seier Meling.

Han er usikker på nøyaktig kor mange abonnentar som har vore råka av desse problema.

– Det er vanskeleg å seie når det gjeld mobil, for det kjem an på kven som er i nærleiken av ein basestasjon, seier Meling.

Femten basestasjonar var ute av drift

I Gloppen var fem av 14 basestasjonar ute, i Aurland var fem av 18 stasjonar ute, medan det i Jølster var fem av ni basestasjonar ute av drift.

– Det er ein del som har vorte råka som er busette og som berre nyttar mobiltelefon, i tillegg til dei 40 i Aurland som var utan fasttelefoni, seier Meling.

Også i Vågsøy, Selje, Bremanger, Stryn, Eid og Gloppen har folk vore utan mobildekning natt til tysdag og på morgonkvisten tysdag.

Både i Bremanger, Stryn og Eid var breibandkundar råka, og i to kommunar var også fastnettet råka.

Problemet med ein kabel i Måløy var løyst tysdag føremiddag.