Hopp til innhold

Telenor friskmelder mobilnettet

Feilen som i morgontimane gjorde mobilnettet ustabilt i sentrum av Florø og Eikefjord er no retta, opplyser Telenor. Feilen gjorde det blant anna vanskeleg å ringje naudtelefonane. Men Telenor opplyser at dei framleis har problem med fibernettet i Vågsøy og Vanylven, der høvesvis 200 og 400 kundar er utan nettsamband. Problema skuldast eit såkalla fiberbrot i Vågsøy måndag. – Om alt går etter planen skal feilen vere retta seinast klokka 16 i dag, seier informasjonssjef i Telenor, Roald Orheim.