Hopp til innhold

Då vegen var stengd av ras, vart telemedisin løysinga

Då raset stengde for all trafikk mellom Florø og Førde, vart telemedisin ei kjærkome løysing for alle pasientane som venta på hudlegen.

Øystein Vatne

TOK GREP: Hudlege Øystein Vatne let ikkje raset på riksveg 5 stoppe han i legegjerninga.

Foto: Finn Ove Njøsen

Hudlege Øystein Vatne var på veg til Førde då raset gjekk tysdag kveld, og var ifølgje Helse Førde sine nettsider ein av dei første bilane som kom til rasstaden. Vegen var stengd heilt til onsdag ettermiddag klokka 16.

Men trass i at han ikkje kom seg til Førde for å møte ei rekkje pasientar onsdag, fekk han møtt pasientane via telemedisin.

– Vi måtte berre gjere ein eller to avbestillingar, men sju eller åtte pasientar fekk vi hjelpt på grunn av telemedisin. Når eg sat rasfast i Florø fekk eg gjort mykje av det eg skulle, seier Øystein Vatne til NRK.no

Kan hjelpe fleire nær heimen

Det første halvåret i år nytta hudavdelinga i Helse Førde telemedisin i nær 80 konsultasjonar. Eitt av hovudområda i telemedisin er å bruke video med høgkvalitets webkamera i pasientkonsultasjonar og samtalar.

Slik kan pasientane møte legen sjølv om dei skulle vere hundrevis av kilometer unna.

Anne Margrethe Øvsthus

OMFATTANDE: Prosjektleiar for telemedisin i Helse Førde, Anne Margrethe Øvsthus, trur bruken av telemedisin vil verte omfattande.

Foto: NRK

– Eg kan sjå på pasienten og prate med dei. Ting som kan diagnostiserast visuelt gjer vi omtrent like godt som når pasienten sit rett ved sida av oss. Så kan vi gje råd om vidare prøver og utgreiingar, seier Vatne.

Telemedisin er no brukt ved poliklinikkane i Lærdal, Sogndal, Nordfjordeid og Florø, og kommunelegekontora i Florø og Gloppen, i tillegg til at dei snart vil vere i full gang i Hyllestad og Gulen.

Vatne seier det gir ein lettare kvardag både for helsepersonell og ikkje minst pasientar.

– Telemedisin er eit veldig viktig supplement til vanlege konsultasjonar. For det første kan vi diagnostisere mange i deira nærmiljø slik at dei unngår lange reiser. For det andre kan vi nå over fleire pasientar, seier han.

– Det kan ikkje erstatte prøver og vevsprøver, men med mange pasientar kan vi sjå på dei, stille ein diagnose og setje i gang behandling. Det er også bra til oppfølging av pasientar som går til behandling.

– Annleis, men like god, måte

Anne Margrete Øvsthus er prosjektleiar for telemedisin i Helse Førde.

Tidlegare i sommar sa ho til NRK at ho er overtydd om at dette no er så bra kvalitet på, at det vil bli teke i bruk langt meir i tida framover.

– Eg trur telemedisin kjem til å bli omfattande. Både pasientar og helsepersonell slepp lange reiser. Men samstundes så kjem ein tett på kvarandre slik at legen og pasienten kan samhandel. Det skjer på ein annan måte, men på ein like god måte, sa Øvsthus.

Slik kan hudlegen sjekke pasienten, 100 kilometer vekke.

SJÅ: TV-saka om telemedisin frå Vestlandsrevyen tidlegare i sommar.