Hopp til innhold

Telefonstorm til Terra-bankane

Sparebankane på eigarsida i Terra blir nedringt av uroa bankkundar.

Illustrasjon

Uroa bankkundar har ringt ned bankane som er inne på eigarsida i Terra. Dei fleste lurer på om pengane deira er trygge, etter at det tidlegare i dag vart klart at Terra Securities er slått konkurs.

Tett med telefonar

Fjaler Sparebank er ein av dei 85 sparebankane som er med på eigarsida i Terra- gruppen.

Banksjef Ingar Valvik seier banken har full jobb med å ta alle telefonane kjem inn.

- I dag har det vore tett med telefonar, og det har det vore resten av veka også. Kundane er spent på kva denne saka påverkar dei produkta dei har handla hos oss. Det har eg full forståing for. Me prøver etter beste evne å svare, og det går for så vidt rimeleg greitt, seier Valvik.

Kritiserer ikkje Terra

Vik Sparebank
Foto: Ottar Starheim / NRK

Mads Indrehus, som er Banksjef i Vik Sparebank, meiner han kjenner saka for dårleg til å kunne kritisere Terra Securities som nyleg er gått konkurs.

- Eg kjenner ingen detaljar og kan såleis ikkje kome med nokon konkret kritikk, seier Indrehus.

Konsernsjef Ola Sundt Ravnestad i Terragruppen har nyleg trekt seg frå stillinga. Han får ei etterlønn i 18 måmander, tilsvarande 5,5 millionar kroner. Banksjefen i Vik har ingen kommentar til dette.

Eg ser på det som ei sak mellom Ravnestad og styret i selskapet. Dei avtalane kjenner ikkje vi til, så det blir galt av meg å kommentere det, seier Indrehus.