Aktor Jogeir Nogva Foto Jostein Nyfløtt
Slåtten skal ha snakka med kjærasten sin klokka 22.42 og mellom klokka 03.30 og 03.43, før ho skulle ha møtt til tidlegvakt på Helsetunet. Nogva seier desse tidspunkta er stadfesta av utskrifter
Dermed freistar Nogva å så tvil om forsvaret sin påstand om at Slåtten og den tiltalte må ha møtt kvarandre før drapet, og at DNA-materialet sikra på den drepne skriv seg frå eit slikt møte. Dette har vore forsvaret si einaste forklaring på at det er funne DNA-materiale frå den tiltalte på Slåtten.