NRK Meny

Tekniske problem på ferjekai

Ferjesambandet Oldeide-Måløy på fylkesveg 616 har vore innstilt sidan litt etter klokka 16 på grunn av tekniske problem ved ferjekaia i Måløy. Ifølgje Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen har entreprenøren gjort ein del arbeid på kaien for å få orden på problema, mellom anna er ein elektrisk del skifta ut. Det er håp om at ferja kan begynne å gå att i løpet av kvelden, men det er uvisst kor tid, seier Molvær til NRK.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.