Pedagogisk leiar Kjell Arnestad ved Firda vidaregåande skule seier dei ikkje har fått studioa til å fungere godt nok. Problemet oppstår når studioa ved Måløy, Firda, Eid og Stryn vidaregåande skular skal koblast opp mot kvarandre. Det er vanskeleg å få alle i gang samstundes, det er trøbbel med linjer, lyd og bilete. Og elevar og lærarar blir sitjande og vente.
Går ut over moralen
Dei stadig tilbakevendande tekniske problema går ut over disiplinen og konsentrasjonen til elevane.
I tillegg seier Arnestad at lærarane kanskje ikkje er lærte godt nok opp. Han seier det krevst ein spesiell pedagogikk for slik undervisning, og lærarane må kursast meir i fjernundervisning. Vidare skal berre lærarar som er motiverte for å lære meir bli sette til denne forma for undervisning.
Krev teknisk garanti
No krev rektorane ved Firda, Stryn, Eid og Måløy vidaregåande skular ein garanti for at studioa fungerer - elles vil dei ikkje nytte seg av dei i det heile komande skuleår.