Hopp til innhold

Teknisk feil stengde flyplass

Florø lufthamn var stengd i om lag ein time på grunn av ein teknisk feil.

Florø lufthamn
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Det er problem med eit kommunikasjonssystem i tårnet, og akkurat no har vi stengd flyplassen. Vi har teknikar på plass, men vi veit enno ikkje kor lang tid det tek å fikse feilen, sa lufthamnsjef Siv Merete Stadheim til NRK klokka 18.

Det var eit fly på veg frå Bergen og eit frå Oslo, men ingen av desse kunne lande i Florø.

– Begge desse flya landa på Førde lufthamn. Passasjerane blir sett på buss frå Bringeland til Florø, seier ho.

Klokka 19 seier Stadheim at feilen er fiksa og at flyplassen har opna att.

– Det var feil ved ICMAS-systemet, som gir vind- og verdata og lysstyring. Dette er opplysningar flya treng i samband med landing.

Ho reknar med at flypassasjerar som er råka av stenginga, har fått informasjon frå flyselskapet.

– Vi beklagar dei ulempene dette har medført for passasjerane. Det er første gong dette systemet har svikta slik at det har fått konsekvensar for passasjerar, men tryggleiken er pri ein, seier ho.