Det var natt til torsdag at det tok til å brenne i Heradshuset på Sandane. Det brann kraftigast i tredje etasje på huset, Kommunestyresalen er heilt utbrent og det karakteristiske klokketårnet var lenge i fare.
– Vi veit framleis ikkje brannårsaka, men vi får bistand til krimteknisk undersøking på måndag, seier fungerande lensmann i Gloppen, Anita Berstad.
Forbipasserande
Alarmsentralen fekk melding om brannen 02.22 og brannvesenet var raskt på staden. På det meste var det heile tjue brannfolk på staden samtidig. Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad fortel at det var forbipasserande som melde frå.
– Det var forbipasserande som oppdaga brannen. Huset hadde brannalarmar, men dei var ikkje kopla til automatisk utrykking. Det var det heller ikkje krav om, men ein hadde sett på moglegheita av å få det til.
Uklart tidsskjema
Foreløpig er det ukjend kor lang tid det vil ta før bygget kan takast i bruk att, men eit firma er no i gang med å gå gjennom og kartlegge bygget.
Fredag held servicetorget til i Trivselshagen i Sandane sentrum. Gloppestad håpar alle kommunale tenester skal vere tilbake i drift frå måndag.
– Vi må finne både kortsiktige og langsiktige løysingar på ting. Tidsskjema er foreløpig uklart. Delar av bygget kan truleg takast i bruk at i løpet av veker, medan det kan ta år å få ferdig andre delar.
- Les også:
Skal tilbakestillast
Det er foreløpig uklart kor store skadar og kostnader brannen har ført til. Gloppestad seier det er umogleg å kome med eit estimat no, men trur det er snakk om store summar.
– Det er tydeleg at store delar av tredje etasje er heilt utbrent. I tillegg er det vatn frå sløkkinga som har trekt ned i resten av bygget. Det er ikkje mogleg å seie noko sikkert no, men det er snakk om betydelege kostnadar. Det er materielle skadar som er forsikra, så bygget skal tilbakestillast slik det var.