Hopp til innhold

Ti år sidan Stian Grimseth deltok i OL - no satsar nye talent på OL-deltaking

NAUSTDAL (NRK.no): For ti år sidan sat Sindre Rørstadbotnen (21) framfor TV og følgde Stian Grimseth i OL. No håpar han å kjempe seg til OL gjennom ei satsingsgruppe saman med Tore Gjøringbø, Jantsen Øverås og Sandra Trædal.

Sindre Rørstadbotnen i rykk under landskampen mellom Norge, England og Sverige. Sunnfjordingen vart nest beste løftar på stemnet i Naustdal.

SJÅ: Sindre Rørstadbotnen er inne i ein tung treningsperiode, og var nøgd med å bli nest beste løftar under landskampen mellom Norge, England og Sverige. I videoen kan du sjå 21-åringen i rykk. Foto: Rune Fossum

– I fjor hadde eg eitt mål på slutten - å knerte 175 kilo i støt. Det hadde Stian då han var 21 år og 110 kilo ting. No var eg 20 år og 94 kilo tung - og eg tok han, gliser Sindre Rørstadbotnen.

Han er akkurat ferdig med landskampen på heimebane mot England og Sverige.

Norge enda desidert sist, men sjølv var 21-åringen berre eit uheldig støt unna bestemannspremien.

Gira på å satse mot OL

No har Norges vektløfterforbund sett i gang ei såkalla satsingsgruppe for unge talent, som dei håpar skal kunne kjempe om OL-deltaking ein gong i framtida.

Utøvarar frå Tambarskjelvar utgjer halve denne gruppa. Utanom Rørstadbotnen er også Jantsen Øverås, Sandra Trædal og Tore Gjøringbø tekne ut.

Rørstadbotnen er klar for å kjempe om OL-plass allereie om to og eit halvt år.

– Det er klart eg er gira på det. Det går vel ikkje ein dag utan at eg tenkjer på Rio de Janeiro, seier han.

– Du tenkjer OL så snart som i 2016?

– Ja, eg gjer det. Eg må jo sjå an korleis dette året går, men styrkemessig er eg bra no. Og eg må tore å seie at eg er gira på OL allereie i 2016, seier Rørstadbotnen.

– Kor realistisk er det?

– Eg er ein lett kar, og kan gå opp ein vektklasse til. For eksempel om eitt år - og så kan eg få ny framgang der. Så moglegheitene er der, meiner eg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tekne ut i satsingsgruppe, f.v. Sindre Rørstadbotnen, Tore Gjøringbø og Jantsen Øverås

KLARE FOR Å SATSE: Sindre Rørstadbotnen (t.v.), Tore Gjøringbø og Jantsen Øverås er tekne ut i ei satsingsgruppe med forbundet i ryggen. Det er også Sandra Trædal, som ikkje deltok på landskampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tøft, men fullt mogleg

Tambarskjelvars eigen Gunnar Reiakvam står bak satsinga på dei unge utøvarane. Totalt i gruppa er det åtte-ni utøvarar. Han meiner det vil vere krevjande å skulle satse mot eventuell OL-deltaking.

– Det er eit tøft løp. Ein kan ikkje kvile eller slappe av, ein må vere på hogget heile tida. Alt betyr noko - trening, kosthald, kvile og arbeid, seier Reiakvam.

– Vi snakkar 24-timersutøvaren...?

–Ja. Dei må vere på hogget .Og eg skal vere med og jage på dei.

– Er de motiverte til å få fram ein ny topputøvar som Stian Grimseth var?

– Ja, og det er det vi legg opp til no. Forbundet er med, det er strukturert, og vi har ein plan. Eg trur det kan gå, men då må alle klutar setjast til, seier Reiakvam.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar under landskamp i Naustdal mellom Norge, Sverige og England.

SJÅ: Jantsen Øverås i støt under landskampen mellom Norge, Sverige og England. Foto: Rune Fossum

No satsar Sindre på kongepokalen

Sjølv er Sindre Rørstadbotnen klar på at alt må liggje til rette for at han skal kunne satse for fullt mot eit eventuelt OL.

I helga deltok han på det norske laget som enda på sisteplass etter England og Sverige i landskampen i Naustdalshallen

Sjå resultat for dei lokale utøvarane i høgremargen.

Allereie under NM i mars håpar han å vere med og slåst om den ettertrakta kongepokalen. Der får han nok også konkurranse av lagkameraten Vebjørn Varlid, som ikkje deltok i landskampen.

Halve landslaget frå Naustdal

Sindre Rørstadbotnen var ikkje den einaste lokale løftaren som viste gode takter under helgas landskamp mellom England, Norge og Sverige i Naustdal. Halve det norske laget var frå Tambarskjelvar.

Rørstadbotnen vart nest beste senior bak engelske Ben Watson. Jantsen Øverås vart beste juniorløftar av alle, medan Tore Gjøringbø vart tredje beste løftar i juniorklassen. Sandra Trædal deltok ikkje i landskampen.