Hopp til innhold

Tekne for ruskøyring i tunnel

To personar blir tekne med for å ta blodprøve etter eit trafikkuhell inne i Gudvangatunnelen. – Det er uklart kva som har skjedd, men bilen står i ei lomme inne i tunnelen, seier Per Rimmen i Vest politidistrikt. Det vart også funne ei mindre mengde narkotika på den eine. Bilen er ikkje til hinder for trafikken.