NRK Meny
Normal

Mann i tjueåra stoppa utan førarkort

Måtte bli med til stasjonen for avhøyr.

Stoppa utan førarkort

UTAN FØRARKORT: Ein mann i tjueåra måtte bli med til politistasjonen i Sogndal for avhøyr etter at han ikkje kunne vise gyldig førarprov.

Foto: Tipsar / NRK

Det var like før klokka åtte i kveld at politiet stansa ein mann i tjueåra utanfor Stedjetunnelen i Sogndal som ikkje hadde gyldig førarkort.

Mannen frå Sogn vart teken med til stasjonen for avhøyr, men vart seinare sett fri. Det er ikkje mistanke om promille.

Saka vert etterforska ved Sogndal lensmannskontor.