Hopp til innhold

Teken med promille for femte gong

Sjølv med fire tidlegare promilledommar, sette mannen i 50-åra seg bak rattet i rusa tilstand.

Fjordane Tingrett

FÅR FENGSELSSTRAFF: Fjordane tingrett har dømd mannen til å sone i fengsel. Han mistar også lappen for alltid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogningen blei stoppa ein tidleg laurdag morgon i august. Ein blodprøve som blei teken ein time og eit kvarter etter køyreturen, viste ein promille på 0,74.

Han hadde heller ikkje gyldig førarkort, for det hadde han blitt fråteken sommaren før i ein annan dom.

Mannen tilstod då han møtte i retten. Fjordane tingrett har i skjerpande retning lagt vekt på at han køyrde i eit sentrumsnært område og på eit tidspunkt då det normalt er trafikk på vegen.

Han er dømd fire gonger tidlegare for å ha køyrt i rusa tilstand. Retten ser ikkje at han teke lærdom av dette og meiner han må i fengsel denne gongen.

Han må difor sone 18 dagar og i tillegg får han ei bot på 90.000 kroner. Mannen blir også frådømt førarretten for alltid.