NRK Meny
Normal

Teken med narkotika under tjuveri

Ein kjenning av politiet vart teken på fersken under eit tjuveri i Florø i dag.

Florø

FLORØ: Ein kjenning av politiet vart teken på fersken av politiet under eit butikktjuveri i Florø klokka 13 i ettermiddag. (Arkivfoto).

Foto: Ottar Starheim / NRK

Politiet melder at det skjedde klokka 13, og at mannen vart teken med ei mindre mengde narkotika på seg.

– Han har stole noko verktøy frå ei bedrift, seier operasjonsleiar hjå politiet, Per Rimmen, til NRK.

Mannen sit no i arresten.

– Vi har kontroll på han, og han skal avhøyrast, seier Rimmen.

Laster Twitter-innhold