Hopp til innhold

Teken med kniv på flyplass

Ein nordfjording i 30-åra har godtek 4.000 kroner i bot etter at han prøvde å få med seg ein kniv om bord i eit fly på Sandane lufthamn. Det var under sikkerheitskontrollen at vaktene fann ein kredittkortkniv med vel seks centimeter langt blad på mannen. I tillegg til bota må mannen gje frå seg kniven til det offentlege.