Hopp til innhold

Køyrde bil med 2,46 i promille - må betale 48.500 kroner i bot

Ein mann i 40-åra er i Fjordane tingrett dømd til 30 dagar fengsel på vilkår og må betale ei bot på 48.500 kroner etter at han vart stoppa med ei promille på 2,46.

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i mars i år at mannen vart stoppa på nattestid i ei bygd i Sogn. Blodprøve teke av mannen nær halvannan time etter at han vart stogga, synte at han då hadde ein promille på 2,46.

Mannen tilstod utan atterhald i retten. Fjordane tingrett tok i straffeutmålinga særleg omsyn til graden av påverknad og kva farar køyringa medførte.

Hadde svært høg promille

Retten påpeikar at allmennpreventive omsyn veg tungt i saker som gjeld køyring i påverka tilstand, då dette er svært farleg.

Dersom det skulle skje ei ulykke, så rammar den ofte vilkårleg og like gjerne uskuldige trafikantar eller fotgjengarar, så vel som den som køyrer i påverka tilstand.

Retten la i skjerpande retning vekt på mannen sin svært høge promille.

Mistar førarkortet i to år og åtte månadar

Påtalemakta føreslo at fengselsstraffa på 30 dagar vart sett på vilkår, så framt mannen gjennomfører eit promilleprogram.

Mannen mistar også førarkortet i to år og åtte månadar, og må ta full ny førarprøve når denne tida er ute.