Hopp til innhold

Sikta bussjåfør mista lappen i 2011 for aktlaus forbikøyring med buss

Den 54 år gamle svenske sjåføren, som er sikta i dødsulykka på riksveg 55 der to kvinne omkom, mista i 2011 sertifikatet for å ha brote fartsgrensa, samt gjort ei aktlaus forbikøyring av eit større køyretøy.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

TEKEN FØR: Sjåføren som førte den svenske turistbussen i dødsulykka på riksveg 55 ved Fardal måndag, vart også for to år sidan teken for aktlaus køyring med buss. For dette mista han sertifikatet for eit halvt år.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Eg kan stadfeste at han i september 2011 vart bøtelagd av Gudbrandsdal politidistrikt for fartsovertredelse, og for aktlaus forbikøyring, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth.

Den svenske bussjåføren vart tysdag sikta for aktlaus køyring, då politiet mistenkte at mannen har komme for langt over i motgåande køyrefelt og dermed kollidert med ein rutebuss som kom i motsett retning.

Ein rekonstruksjon onsdag kveld, stadfesta langt på veg dette.

Køyrde forbi eit tyngre køyretøy

Den no 54 år gamle mannen frå Göteborg skal ha køyrt buss også då han vart teken for aktlaus køyring i 2011.

Han vart stoppa av politiet etter å ha teke ei hasardiøs forbikøyring av eit anna tyngre køyretøy på Grotli i Sjåk kommune.

For dette fekk bussjåføren 8000 kroner i bot, samt at han mista førarkortet for seks månader.

Lensmann Åge Løseth

TEKEN FØR: Lensmann i Sogndal, Åge Løseth, stadfestar at den svenske sjåføren har vorte teken for aktlaus køyring med buss tidlegare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg kjenner ikkje ytterlegare detaljar, for det er Gudbrandsdal politidistrikt på Lillehammer som har hatt saka, men det framgår av førelegget at han har ført ein buss, seier Løseth.

Om det var passasjerar i bussen då dette hende, er ikkje kjent.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulykke Fardal i Sogn

ULYKKESSTADEN: To kvinner omkom i bussulykka på riksveg 55 måndag.

Blir med i vurderingsgrunnlaget

Men hendinga for to år sidan får ikkje konsekvensar for siktinga av den 54 år gamle mannen i samband med dødsulykka på riksveg 55 ved Fardal der to kvinner omkom.

– Nei, ikkje direkte. Men det blir teke med i vurderingsgrunnlaget, naturlegvis, seier Løseth.

– Er det vanleg at bussjåførar mistar sertifikatet for å ha køyrt forbi eit anna stort køyretøy med buss?

– Det hender. Det har hendt, og vil nok komme til å skje igjen, seier Løseth.

– Var dette noko politiet kjende til frå før?

– Dette var nytt for meg, før eg sjekka det opp etter eit tips frå pressa, seier Løseth.

Held fram med avhøyr torsdag

Onsdag kveld har politiet og Vegvesenet gjennomført ein rekonstruksjon av ulykka, som stadfestar at den svenske turistbussen ikkje heldt sida si godt nok.

– Føremålet var å få avkrefta eller stadfesta opplysingane vi hadde frå før og eventuelt skaffe oss tilleggsinformasjon. I vårt tilfelle fekk vi i dag i det alt vesentlege stadfesta informasjonen vi hadde frå før, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

REKONSTRUKSJON: Onsdag kveld rekonstruerte politiet og Vegvesenet dødsulykka ved Fardal. Foto/redigering: Christian Blom

I løpet at onsdag har politiet gjennomført fleire rettslege avhøyr av vesentlege vitne som kjem frå utlandet. Dette er for å sikre at ein har vitneprov som kan nyttast i retten ved ei eventuell rettssak, då ein ser det som lite sannsynleg at ein får henta vitne frå Taiwan tilbake til Norge for å vitne.

– Vi har att to rettslege avhøyr som vi skal gjennomføre i morgon. Og så håpar vi at våre kollegaer i Bergen skal få avhøyrt den eine kvinna som har lege alvorleg skadd på Haukeland universitetssjukehus, seier Løseth.