Hopp til innhold

Teke med 1,3 kilo hasj

Ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker etter at han vart teken med 1,3 kilo hasj i Florø. Mannen hadde sjekka inn på eit hotell i byen under falsk namn, og i nærleiken av hotellet fann politiet hasjen. Stoffet skal ha ein verdi på mellom 32.000 og 91.000 kroner, og er no sendt Kripos for analyse.