NRK Meny
Normal

Vil prøve Yasmin-saka for retten i Strasbourg

FLORØ (NRK): Heilt sidan ho kom til Norge har Yasmin kjempa, både for opphaldsrett og for livet. I dag vart det bestemt at saka blir sendt til menneskerettsdomstolen.

Yasmin, støttegruppa og advokaten har no bestemt seg for å ta saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

SISTE HÅP: Om Yasmin skal få lov å bli i Norge blir no opp til den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Leiar ved Krisesenteret i Florø, Wenche Hovland, meiner det handlar om liv og død. (Foto/redigering: Arne Stubhaug)

– Eg er veldig trøytt, seier Yasmin fortvilt, medan støttespelar og leiaren ved Krisesenteret i Florø, Wenche Hovland, held ho inntil seg.

Ei veke etter at Høgsterett forkasta anken til menneskehandel-offeret Yasmin, har støttegruppa bestemt seg for å prøve saka for menneskerettsdomstolen.

– Det er den moglegheita vi har no, og vi er nøydde til å prøve det. Vi kan ikkje gi opp, seier Hovland.

– Handlar nesten om liv og død

Yasmin har vore seksuelt misbrukt og utsett for menneskehandel sidan ho var 10 år. I 2009 kom ho til Norge saman med bakmannen, og der klarte ho å rømme. Yasmin melde mannen til politiet, men saka blei lagt vekk.

Dermed mista ho retten til opphald i Norge, og Hovland og støttegruppa har klaga heilt til Høgsterett. Der fekk dei avslag, men dei vil ikkje gi opp.

– Dette handlar nesten om liv eller død. Ho er suicidal, og det har vore sidan ho kom til oss. Viss det ender opp med at ho blir sendt ut av Norge, så trur vi at ho kan ta livet av seg før det går så langt, seier Hovland.

UNE vil ikkje kommentere

Utlendingsnemnda (UNE) seier til NRK at dei konstaterer at dei har fått støtte i lagmannsretten og at høgsterett har forkasta anken. Ut over det har dei ingen kommentar til at saka no blir klaga inn til Strasbourg

UNE har tidlegare vist til Dublin-avtalen. Den seier at ein asylsøknad skal behandlast i det første landet asylsøkjaren vart registrert i. Berre særlege helseomsyn kan gi unntak frå regelen, men det har ikkje nemnda vurdert i Yasmin si sak fordi dei meiner det er ei prinsippsak.

Terje Einarsen

IKKJE HELDIG: Det seier Yasmin sin advokat, Terje Einarsen, om behandlinga av saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Advokaten til Yasmin meiner prosessen har vore uheldig.

– Det sentrale i saka har i grunn aldri blitt behandla av UDI og UNE, og heller ikkje av domstolane. Det sentrale er sjølvsagt at ho var vore offer for menneskehandel, seier Terje Einarsen.

Aldri opplevd ei vanskelegare sak

Ved Krisesenteret i Florø fortel Hovland at dette er den verste og vanskelegaste saka ho har opplevd i si tid på senteret.

– Dette er eit menneske som er så traumatisert og åleine i verda. Den einaste redninga for ho er å få vere i Norge og skape eit så godt liv som det let seg gjere med dei trauma ho slit med.

No prøvar Hovland å få Yasmin til å halde ut, slik at dei får kjempa saka gjennom i Strasbourg.

– Advokatane og masse folk hjelper. Tusen, tusen takk, seier Yasmin.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå