NRK Meny
Normal

Tek til orde for større brannkorps

– Større brannkorps er framtida, meiner Johnny Skjerping, tidlegare leiar av fylkets første store brannkorps.

Johnny Skjerping

FORDEL: Johnny Skjerping (t.h.) meiner kring 20.000 innbyggjarar per brannsjef er det optimale også for Sogn og Fjordane.

Foto: MMS-foto: Noralv Pedersen

Den tidlegare leiaren i Sogn brann og redning er ikkje samd i kritikken som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) rettar mot brannvesenet etter storbrannane i Sogn.

Johnny Skjerping er derimot samd i ynsket om færre og større brannkorps.

– Erfaringa og opplevinga er udelt positiv med større eining, seier han.

– Det er framtida

Magne Igland

STØTTAR: Magne Igland, leiar i Sogn og Fjordane brannbefalslag.

Foto: Flora brannvern

Fram til i vår hadde Skjerping ansvaret for det største brannvesenet i Sogn og Fjordane. Sognekommunane Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal og Luster samla kreftene om Sogn Brann og Redning.

Saman dekkjer dei eit området med 19.000 innbyggjarar. Skjerping er ikkje i tvil om at større einingar er framtida.

– Eg trur vegen å gå er å få fleire heile stillingar som brannsjef, beredskapssjefar og ikkje minst på det førebyggande området. Det er kanskje der det er mest å hente på sikt, seier han.

Større og færre

Anne Rygh Pedersen

DIREKTØR: Anne Rygh Pedersen er avdelingsdirektør i DSB.

Foto: NRK

Same haldning har også DSB som gjennom rapportane tek opp att tråden frå brannstudien i fjor. Dei ynskjer større og langt færre brannkorps enn dagens 295.

Helst fylkesvis, eller i alle fall med minst 20.000 innbyggjarar.

– Dei har små brannorganisasjonar. Har kanskje brannsjefar med ein liten prosentdel brannsjefstilling. Det seier seg sjølv at då vil ein ikkje kunne skaffe seg erfaring til å handtere store og komplekse hendingar, sa avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen til NRK i førre veke.

– Større faglege miljø

Terje Brandsøy

STØTTAR: Dagleg leiar i Brannalarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Foto: Privat

Sjølv om dagleg leiar i Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, meiner dagens beredskap er veldig god, tek også han til orde for større einingar.

– Når det gjeld den overordna leiinga og administrasjonen, så kan ein nok tene meir og få meir fagleg kompetanse inn om ein organiserer seg annleis i større einingar, seier han og får støtte frå leiaren i Sogn og Fjordane brannbefalslag.

– Eg tenkjer meg at vi skal prøve å gå inn i større brannkorps, og då tenkjer eg brannkorps med 20.000 eller fleire innbyggjarar. Då har du moglegheit til full stilling i dei viktige stillingane i brannvesenet, seier Magne Igland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser