NRK Meny
Normal

Fylket må kutte 234 millionar kroner: Fylkespolitikarane kranglar om ansvaret

Høgre og Frp tek statsministeren i forsvar – meiner ho ikkje har feilinformert om at Sogn og Fjordane er budde på enorme kutt.

Arve Mjømen og Liv Signe Navarsete er usamde om kva som er sant og ikkje.

KRANGLAR: Dei to politikarane har ei vidt ulik oppfatting av kven som har ansvaret for at Sogn og Fjordane sine inntekter er på veg ned.

– I debattane i fylkestinget har vi gjentekne gonger blitt åtvara om at eit nytt inntektssystem er i kjømda. Det forundrar meg at ein skal høyre slikt frå ein fylkesvaraordførar, seier Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre.

Vegbygging kan stoppe opp og skular bli nedlagde som følgje av at regjeringa kuttar 234 millionar i overføringar.

Førre veke sa Erna Solberg at fylket har budd seg på å møte kutta, og fekk kritikk for å feilinformere. Men fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen meiner Solberg har rett i påstanden.

– Vi har kjent til inntektssystemet, men vi har ikkje kjent summen. I alle fall kjende ikkje eg til den, og neppe Fylkestinget, men vi visste at endringar skulle kome. Det er poenget mitt, seier Mjømen.

Kranglar om kven som har ansvaret

For medan Stortinget no vurderer kva dei skal gjere med regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem for fylkeskommunane, kranglar politikarane i Sogn og Fjordane seg i mellom om kor ansvaret ligg.

Erna Solberg i spørretimen

RETT: Det statsminister Erna Solberg sa frå Stortinget sin talarstol tidlegare i veka er riktig meiner fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen. Opposisjonen er ikkje samde.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Regjeringa ynskjer å kutte i overføringane med 234 millionar over fem år. Det kan bety endå færre vidaregåande skular og stopp i vegbygginga. Men i Stortingets sin spørjetime sa statsminister Erna Solberg at fylket har budd seg på å greie kutta:

«Heldigvis har Sogn og Fjordane vore ein av fylkeskommunane som har visst dette, og derfor har sett av pengar.»

Det fekk fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) til å steile. I budsjetta har fylket budd seg på å kutte 50 millionar kroner, fasiten frå regjeringa er 234 millionar.

– Eg synest det er hårreisande at statsministeren frå Stortinget sin talarstol kan informere så feil. Vi har slett ikkje visst at eit nytt inntektssystem kom til å få slike utslag. Det har vi på ingen måte visst, seier Følling.

Meiner førre regjeringa burde ordna opp

Mjømen spelar ballen over til den tidlegare raudgrøne regjeringa. I åtte år visste mellom anna tidlegare kommunalminister Liv Signe Navarsete at det måtte kome endringar i inntektssystemet.

– Det er unnlatenheit frå tidlegare regjering. Dei burde jobba dette fram frå 2005, då kunne ein kanskje tidlegare gått inn og sett kva ein kunne gjere, slik at ein hadde fleire år på seg til å tilpasse fylket, seier fylkesleiaren.

Betyr det at du hadde håpa at Senterpartiet skulle sørge for at fylket vart sittande igjen med meir pengar enn det di eiga regjeringa klarer?

– Det er ikkje spørsmålet. Senterpartiet burde gjort jobben sin i regjering, svarar Mjømen.

– Regjeringa sitt forslag er eit makkverk

Liv Signe Navarsete har fått slike skuldingar frå fleire hald dei siste vekene, men avviser kritikken. Dersom kritikarane meiner fylket har fått for mykje pengar, så lurer ho på kva ho ein skulle gjort annleis.

– Eg vil gjerne vite kvar vi ikkje skulle investert i. For det er stort sett investeringsmidlar pengane har gått til, seier den tidlegare kommunal- og samferdsleministeren.

Ho understrekar at den raudgrøne regjeringa jobba intenst med å finne nøklar som kunne gje eit rettferdig resultat for alle fylkeskommunane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete

MAKKVERK: Tidlegare kommunal- og samferdsleminister, Liv Signe Navarsete, er ikkje nådig i kritikken mot regjeringa og deira framlegg til nytt inntektssystem for fylkeskommunane.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Spesielt på samferdsle var det vanskeleg, så vi klarte ikkje å finne gode utrekningsnøklar. Men eg hadde aldri i mine villaste fantasiar førestilt meg at regjeringa som kom etter oss skulle legge fram noko sånt som dei har gjort no, seier Navarsete.

– Senterpartiet hadde kommunalministeren i åtte år, i ei fleirtalsregjering, kvifor greidde de ikkje i løpet av åtte år å kome fram til noko som dagens regjering har brukt ni månadar på?

– Fordi det dei har lagt fram er eit makkverk. Og vi ville ikkje legge fram eit makkverk, kjem det kontant frå Navarsete.

Håpar å få halvert reduksjonen

Mjømen meiner på si side at regjeringa sine kutt til Sogn og Fjordane er for store. Han jobbar no for å påverke Stortinget til å ta ned kutta.

– Eg meiner vi må ha som eit mål å halvere denne summen over dei fem åra. Eg trur neppe vi får redusert det, men vi kan få det jenka til, slik at det går over lenger tid. For Sogn og Fjordane fylkeskommune er det ikkje mogeleg å leve med eit så stort kutt over så kort tid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.