NRK Meny
Normal

Tek sjukehuskampen til Stortinget

Sjukehusaksjonistar skal i desember demonstrere framfor Stortinget.

Bente Øien Hauge
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Hovudkravet er at helseføretaka sine prosessar med endringar i akuttberedskap og fødetilbod må stoppast, i alle fall inntil Nasjonal Helseplan er ferdig handsama og vedteken av Stortinget.

– Vi håpar på god oppslutnad for engasjementet er sterkt over heile landet no. Det kjem aksjonistar i frå nord, aust, sør og vest med paraoler. Eit av hovudkrava våre er å stoppe prosessane og vedtaka som går på strukturendringar rundt om på sjukehusa, til dømes fødetilbodet i Lærdal og på Nordfjordeid, seier Bente Øien Hauge.

Den profilerte sjukehusaksjonisten i Forsvar Lærdal sjukehus leiar Folkerørsla for lokalsjukehusene. Ho er klar på at tida no er moden for å rette merksemda inn mot Stortinget.

6. desember inntek busslaster med sjukehusaksjonistar Løvebakken framfor Stortinget.

– Vi krev at styringa av sjukehusa kjem tilbake på politiske hender, i staden at helseføretaka no får for frie rammer til å gjere strukturendringar, seier Øien Hauge.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast