Hopp til innhold

Tek sjølvkritikk etter refs

Terina i Sogndal vedgår at reingjeringa av anlegget etter e.coli-saka ikkje var god nok.

Mattilsynet kravde at anlegget vart reingjort og desinfisert, men fann etter nedvaskinga framleis tydelege restar av kjøt i anlegget.

- Det er ikkje godt, så den kritikken vi har fått frå Mattilsynet tek vi til oss, seier driftssjef ved Terina i Sogndal, Per Steinar Sviggum.

Fann kjøtsaft og blodsøl

Etter at det for vel ein månad sidan vart funne E.coli-bakteriar i spekemat produsert ved Terina-anlegget i Sogndal, kravde Mattilsynet same dag full reingjering og desinfisering av anlegget.

To dagar seinare, 22.mars, var inspektørar frå Mattilsynet på plass for å kontrollere reingjeringa. Men anlegget var på langt nært reint. I ein rapport Aftenposten siterer i dag, skriv Mattilsynet mellom anna at det under ei maskin vart det funne store mengder inntørka restar frå produkt. Ein god del kjøtsaft og blodsøl vart funne på golvet inne i ei anna maskin. I hakkerommet var det tydlege restar av vaskemiddel, og på undersida av hakka vart det observert restar av kjøt frå produksjonen.

Overraska

Terina måtte kalle inn folk for å vaske vekk feila, før inspektørane godkjente vasken. Distriktssjef i Mattilsynet Merete Lunde seier den mangelfulle reingjeringa overraska dei.

- Vi hadde venta at alt var i orden då vi kom på tilsyn. Gilde er ei seriøs bedrift, med strenge hygienekrav, så dette var overraskande, seier ho.

- Gode rutinar

Sviggum meiner den generelle hygienen ved anlegget er god nok.

- Det er ikkje noko rett bilete av den generelle hygienen ved anlegget. Mattilsynet har tidlegare vore innom og konkludert med at det er god nok hygiene ved anlegget, seier Sviggum.