Hopp til innhold

Lynraske Øyvind ventar til juni med spesialdistansen

Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) har klokkartru på ny norsk rekord når han sesongdebuterer på 400 meter hekk – om vel ein månad.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

VENTAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset satsar alt på ei kjempehelg på heimebane i juni. Med sesongdebut og ny norsk rekord på 400 meter hekk.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Det er hekkeløpar Øyvind Strømmen Kjerpeset er, men noko sesongdebut på spesialdistansen blir det først når friidrettssesongen er godt i gang. Og det av ein grunn.

Han vil slette sin eigen norske rekord på 400 meter hekk i sesongens første løp. På heimebane.

– Eg trur eg klarer det, og då vil eg gjere det på heimebane, seier 22-åringen.

Sterke tider i USA

I helga susa han inn til sterke tider på 100 og 200 meter flatt under eit stemne i Clermont, USA. Strømmen Kjerpeset hamna langt nede på listene, men bryr seg fint lite om det.

– Det er berre tidene som gjeld for meg. Og dei er eg kjempenøgde med. Spesielt 200 meteren var verkeleg oppløftande, gliser han.

Han konkurrerte mot utøvarar med internasjonale meisterskapsmedaljar. Med 10,72 på 100 meter og 21,20 på 200 meter var det god avstand opp til pallen.

Sterkare enn i fjor

Narve Heggheim

IMPONERT: Narve Heggheim er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Dette var eit stemne med høg internasjonal deltaking, og når han allereie no ligg så nær persen sin på 200 meter som han no gjer, så lovar det godt, seier Narve Heggheim i Sogn og Fjordane friidrettskrins.

– I fjor sesongdebuterte eg ein månad seinare, og då sprang eg 11 blank på 100 meter og 21,55 på 200 meter. Allereie er eg under dette, og det gir meg eit fantastisk utgangspunkt for resten av sesongen, seier Strømmen Kjerpeset.

Trur på rekord

For Strømmen Kjerpeset er målet i år EM i Zurich og floraværingen har teke pause frå studiane for å satse på fridretten . No er han midt inne i eit fem veker langt treningsopphald i statane.

– Det er hekken som er viktigast, men det har vore for kaldt i Norge til å springe 400 meter hekk utandørs. Eg avheng veldig av å få trent rytme, og då må eg ha varmt vêr, seier han.

22. mai spring han sine første løp på norsk jord. Då ventar 100 meter og 200 meter på Bislett. To dagar seinare er 22-åringen frå Florø i Tønsberg for å gjere norgesrekordforsøk på 400 meter flatt.

Difor blir det rekord

Hekkdebuten kjem altså først under Florø Friidrettsfestival 7. juni. Då håpar han å slette sin eigen rekord på 49,95 frå i fjor.

– Eg er raskare enn i fjor, eg er betre trent for 400 meter enn i fjor, betre på hekk enn i fjor og då trur eg det skal gå fortare enn i fjor. Det kan skje, og eg vil at det skal skje, i Florø. Det hadde vore veldig gøy å setje norgesrekord når eg debuterer i Florø, seier Strømmen Kjerpeset.

– Kva du trur du er god for no?

– Målet er å nå 48-talet i løpet av sommaren. Men eg klarer nok ikkje senke rekorden med eitt sekund allereie i debuten, men at eg skal true rekorden – det har eg absolutt tru på.