NRK Meny
Normal

Hevdar politiberedskapen i Sogn og Fjordane er basert på tilfeldigheiter

Leiar i politiets fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, meiner at politiberedskapen her i fylket i stor grad er basert på tilfeldigheiter.

Fylkesliear i Politiets Fellesforbund

FOR DÅRLEG BEREDSKAP: Fylkesleiar i Politiets Fellesforbund meiner politiberedskapen i fylket er for dårleg, noko ein fekk illustrert under trippeldrapet i Årdal.

I samband med trippeldrapet i Årdal var det politifolk som eigentleg hadde fri, som var første patrulje på staden. Drange seier at politifolk ute i distrikta opplever å få kritikk frå leiinga i politidistriktet om dei ikkje er tilgjengelege i fritida.

– Det vert kravd stadig meir av den einskilde tenestemann. Når ein då får kritikk for, eller blir stilt skeptiske spørsmål til om kvifor ein ikkje svarar når det ringer, så synest eg det er å angripe problemet i heilt feil ende, seier Drange til NRK.

– Ugrunna kritikk

I ein kronikk skriv Drange at enkelte tenestemenn har vore nøydd til å forklare seg for leiinga om kvifor dei ikkje har svart når dei blir ringt opp om jobb i fritida.

– Dette er heilt ugrunna kritikk av dei tilsette i politidistriktet, meiner Drange.

Kjetil Drange

KRITISK: Fylkesleiar i Politiets Fellesforbund er kritisk til måten politiberedskapen er organisert på.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dette blei høgst aktualisert i samband med den tragiske hendinga i Årdal 4. november i fjor. Patruljen som var på vakt køyrde via Filefjell, medan dei politifolka som først kom til åstaden var dei som opphavleg hadde fri.

Vil ha betalt bakvakt

Fylkesleiaren i politiets fellesforbund reagerer på at det var politifolk i Årdal som på si fritid var i den første patruljen som kom fram til bussdrapa

Han er samd med leiaren i forbundet som vil ha ei ordning med betalt bakvakt for politifolk i tillegg til dei faste patruljane.

– Eg har fått fleire tilbakemeldingar på at folk har følt ubehag fordi dei må svare på kva dei gjorde, kvifor dei ikkje svarte og kvifor dei ikkje ringde tilbake igjen. Dersom vi skal ha ein beredskap som avheng av at ein må få fatt i folk på fritida, så er det på høg tid å sjå på dei beredskapsavtalane som finst i dag, slår Drange fast.

– Må kome på bana

Verken politimeister Ronny Iden, nokon i Politidirektoratet eller justisminister Anders Anundsen vil kommentere kritikken frå Drange. Han meiner at dei ansvarlege no må kome på bana.

– Kva er grunnen til at dei løyvande styresmaktene, Politidirektoratet, justisdepartementet og andre politikarar ikkje har evna å sjå korleis beredskapen er? Eg får jo inntrykk av at i kjølvatnet av trippeldrapet i Årdal, at det var ei overrasking at beredskapen var som den var.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.