Hopp til innhold

Fleire tilfelle også denne jula: No tek han eit oppgjer med fyllevalden

Arne Johannessen reagerer sterkt på at folk sin oppførsel i fylla gjer at det offentlege må bruke store ressursar på å rydde opp i problema. No ber polititoppen folk ta eit personleg ansvar mot fyllevald.

Arne Johannessen

BER FOLK TA ANSVAR: Som regionlensmann må Arne Johannessen sjå at det stadig skjer tilfelle av vald i rusa tilstand. No ber han folk ta ansvar for eigne handlingar.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Som mangeårig leiar og tillitsvald i Politiets Fellesforbund (PF) har Arne Johannessen stått på barrikadane for meir ressursar til politiet. No er han tilbake som regionlensmann i Sogn, og i julehelga måtte hans tenestemenn rydde opp i ei rekkje tilfelle av fyllevald.

– Når fleirtalet av folket skal kosa seg i lag, så er det ofte nokon som ikkje har det så veldig kjekt. Vi ser at det er meir familievald i slike høgtider. Så er det ein del såkalla utagerande festing som ender med vald, slår Johannessen fast.

Også denne julehelga enda julefestane med både arrestasjonar og turar på legevakt for fleire rusa personar. Berre i Sogn og Fjordane var det fem tilfelle av fyllevald på to døgn.

– Eit klart personleg ansvar

– Det er sjølvsagt synd at ein skal bruke offentlege ressursar både i politi, helsevesen og barnevern på at einskildpersonar ikkje kan styre sin eigen åtferd i rusa tilstand. Dessverre er jo dette eit problem ein har hatt over tid og det har ikkje vorte mindre i omfang, seier den erfarne regionlensmannen til NRK.

Han ser føre seg fleire tiltak som kan setjast inn for å gjere noko med at overdriven fyll fører til sterkt uønskt valdshandlingar. Men særleg meiner Johannessen at dette er eit personleg ansvar.

– Det er veldig synd at menneske skal få øydelagde liv på grunn av vald. Ein får berre håpe at folk tek eit personleg ansvar. For uansett korleis ein snur og vender på det rundt alkohol og rus, så er det til sjuande og sist eit personleg ansvar.

Det er sjølvsagt synd at ein skal bruke offentlege ressursar både i politi, helsevesen og barnevern på at einskildpersonar ikkje kan styre sin eigen åtferd i rusa tilstand

Arne Johannessen

Vil ha betre kontroll

Alle kommunar er pålagde å ha ei ordning med kontroll av skjenkestadane. Men Johannessen meiner at denne ikkje er god nok.

– Vi veit av erfaring rundt om i heile landet at skjenkekontrollen framleis er ei utfordring. Eg trur på ein strengare kontroll og betre oppfølging av alle som skjenker alkohol, slår han fast.

– Det nærmar seg nyttårshelga, fryktar du nye tilfelle av fyllevald?

– All statistikk seier at det er all grunn til å frykte det. Ein får verkeleg håpe at dette ikkje er noko som får alvorlege konsekvensar.