NRK Meny
Normal

Statnett startar opp att omstridd arbeid

Etter sju månader stillstand er det på nytt duka for byggjeaktivitet i Myklebustdalen i Bremanger.

Myklebustdalen

STILLSTAND: Arbeidet med transformatorstasjonen i Myklebustdalen har stått stille sidan juni. I neste veke startar det opp att.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Statnett startar i neste veke opp att arbeidet med transformatorstasjonen til den nye 420-kilovoltslina gjennom Bremanger.

Arbeidet har stått stille sidan ei rettsleg avgjerd i juni. I dag held Statnett oppstartsmøte med entreprenørane.

– Til no har vi brøyta vegen inn til stasjonsområde, og det har kome mykje snø siste tida så det står att noko meir brøyting på transformatortomta, seier informasjonssjef Martha Hagerup Nilson.

Fekk grønt lys

– Vi planlegg å starte opp med grunnarbeid, forskaling og støyping av fundament og kabelkanalar, i løpet av neste veke, legg Nilson til.

Namsmannen i Bremanger, lensmann Hans Rune Strandos, gav i byrjinga av månaden Statnett grønt lys til å halde fram det omstridde arbeidet. Grunneigarane i området og Statnett har i lengre tid stått steilt mot kvarandre i saka.

Løyvet til å starte opp att arbeidet gjeld ikkje Sørdalen naturreservat der kraftlina skal gå.

Eitt års byggjetid

Under dagens oppstartsmøte vil entreprenørane og Statnett saman leggje planen for den vidare framdrifta av arbeidet.

– Vi vil jobbe så raskt det let seg gjere for å få stasjonen ferdig. Vi ventar å bruke mellom ti og 12 månader på byggjeperioden, seier Nilson og tykkjer det er viktig at arbeidet no får starte opp att.

– Det er veldig viktig for Sogn og Fjordane og Midt-Norge at vi kjem i gang med arbeidet så vi får betra forsyningstryggleiken og lagt til rette for alle dei fornybare prosjekta som står på vent i Sogn og Fjordane.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy