NRK Meny

Tek omkamp om naudnettet

Det kan likevel bli naudnett i Høyangertunnelen. Eit samrøystes samferdselsutval i fylket ber om at det på nytt blir rekna på kor mykje det kostar. I fjor sa eit fleirtal nei til å utbetre tunnelen med DAB og naudnett, fordi det då kosta 50 millionar. No blir det sagt å koste ein stad mellom seks og 50 millionar. Viss det syner seg at det kan gjerast for ein billegare penge, vil fleire av partia støtte det.

Samferdsleutvalet
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast