Kystfisket her i fylket har brote saman dei siste åra.
Og leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag ser svært alvorleg på situasjonen.
Fylkesfiskarlaget krev snarlege tiltak for å finne ut av svikten i det tradisjonelle kystfisket. Og søkelyset vert retta både mot oljeverksemda og mot det veldige overfisket av mellom anna tobis i Nordsjøen. Ingen båtar herifrå fylket er med på dette fisket. men det har hatt stor betyding for Måløy Sildoljefabrikk, der tobis og øyepål er viktige råstoff.
Ujamn situasjon
Situasjonen innan fiskeria her i fylket er også svært ujamn. Medan fisket etter pelagiske fiskeslag som sild og makrell er inne i ein gullalder er det sjarkfisket inst på kysten som har brote saman. Det seier leiaren i Askvoll Fiskarlag, den røynde fiskaren Tore Hillersøy frå Bulandet.
- Overfiske
Forskingsdirektør Ole Misund på Havforskingsinstituttet i Bergen seier årsaka til problemet er at bestandane i Nordsjøen har gått ned. Fiskeriet på kysten av Sogn og Fjordane er avhengig av bestanden i Nordsjøen. Grunnen til nedgangen i bestanden er kompleks. Misund seier det kan vere miljøtilhøve, og at det har vore eit overfiske på industrifisk over lang tid.