Hopp til innhold

Staten har tapt fleire hundre millionar på industribygg i Sogn

Det statlege eigedomsselskapet SIVA har tapsført over 200 millionar kroner på bygginga av industribygg i Årdal og Høyanger.

Norsun, Nordic Power Systems og Dooria

MILLIONTAP: SIVA har skrive ned verdiane på desse bygga med 200 millionar kroner. Frå venstre: Norsun-bygget, industribygget på Kyrkjebø og Dooria i Årdal.

Foto: Vidar Gudvangen/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Årsaka er at SIVA frykta at solenergi-selskapet NorSun ikkje skulle klare å betale husleiga si då marknaden svikta, seier direktør Espen Susegg til NRK.

– Då vi gjorde den vurderinga, var det knytt så stor uvisse til NorSun si evne til å betale husleige at vi måtte skrive ned verdiane, seier han.

Bygg står bortimot tomme

Ei nedskriving av verdiar på over 200 millionar kroner i 2012 er status for SIVA sitt eigedomsselskap i Sogn. Dei eig tre store bygg i Sogn. Mellom anna eit flunkande nytt bygg på Tronvik i Høyanger og bygget der konkursråka Dooria heldt til i Årdal. Begge desse står no bortimot tomme.

– Vi er sjølvsagt uroa og ønskjer aktivitet i bygga. Det har teke mykje lenger tid enn vi ønskjer.

– Vanskeleg å føresjå

Petter Sortland

VAR OPTIMIST: Høyanger-ordførar Petter Sortland seier dei såg på Tronvik-prosjektet som spennande.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Petter Sortland er ordførar i Høyanger og var med på å få etablert SIVA sitt bygg på Tronvik. Kommunen spytta inn 10 millionar i vatn, veg og kloakk.

No er han usikker på om det tilnærma tomme bygget burde vore sett opp i det heile tatt. Produksjonen av ny brenselscelle-teknologi let vente på seg.

– Partane vurderte det slik at dette var eit spennande og lovande prosjekt. I ettertid kan ein sjølvsagt seie at bygget blei sett opp for tidleg, seier Sortland.

Espen Susegg i SIVA seier det er lett å seie dette i ettertid.

– Formålet til SIVA er å leggje til rette for ny verksemd. Ny teknologi er vanskeleg å føresjå, seier han.