Hopp til innhold

Tek med seg løfteskoa verda rundt – slik skal ho bli best

Skal ein bli god i idrett må ein trene mykje, jamnt og trutt. For Marit Årdalsbakke (23) er det å tråle internett etter gode treningssenter ein sjølvsagt del av å reise jorda rundt.

Marit Årdalsbakke på trening i Hong Kong

TRENING I HONG KONG: Marit Årdalsbakke ligg ikkje på latsida, sjølv om ho er på ein tre månader lang ferie. Her er ho på trening på eit crossfit-senter i Hongkong.

Foto: Privat

– Ein blir litt miljøskadd når ein er van til å trene så mykje, seier vektløftaren frå Jølster.

Saman med kjærasten er ho på ein tre månaders tur jorda rundt. Første stopp er Hongkong før turen går vidare til mellom anna Vietnam, Thailand og USA.

Etter EM i vektløfting i Sunnfjord er det godt med ein pause, sjølv om det også er treningsklede i bagasjen.

– Det har vore intenst med trening før EM. No har eg planar om å sjå verda og få ein haug med nye opplevingar og inntrykk.

Marit Årdalsbakke under EM i vektløfting

EM PÅ HEIMEBANE: Marit Årdalsbakke under EM i vektløfting i Førde. Året fram mot EM hadde ho teke eit friår, der ho jobba deltid og hadde fullt fokus på trening.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil halde styrken ved like

Det er under tre veker sidan Tambarskjelvar-løftaren gjekk på podiet framfor eit ellevilt heimepublikum i Førde. Eitt heilt år hadde ho teke fri for å trene mot EM. Målet var personlege rekordar, men ho vart ståande med 83 kilo i rykk og 93 kilo i støyt, to og seks kilo bak sine eigne persar.

– Når alt kjem til alt er det ikkje så nøye om eg kom på ein 19. plass eller ein 15. plass. Eg sit att med ei stor oppleving, seier 23-åringen.

Målet vidare er allereie spikra, EM i Split neste år. Det trur ho er innan rekkevidd om ho trenar godt. 23-åringen understrekar at trening ikkje er hovudprioritet på ferien, men likevel:

– Eg tenker framover og har lyst til å halde styrken ved like så godt som det går an på ein slik tur. Slik at det kan gå lettare å kome tilbake i form til hausten, seier ho.

Marit Årdalsbakke og kjærasten i Hongkong

TRENING OG OPPLEVINGAR: Marit Årdalsbakke understrekar at trening og vektløfting ikkje er hovudprioritet under turen desse månadane. Her er ho saman med kjærasten på Victoria Peak med utsikt over Hongkong.

Foto: Privat

Ligg ikkje på latsida

Målet under turen er å få inn ei til to styrkeøkter i veka.

– Blir det slik at det første du ser etter når de kjem til ein ny plass er moglegheiter for å trene?

– Nei, ikkje det første … Men kanskje det andre, flirer ho.

– Eg har brukt Google til å prøve å søke opp plassar til å trene, seier ho og vedgår at ho ser seg om etter treningssenter alle plassar dei er.

Torsdag var ho akkurat ferdig med si andre økt i Hongkong. Der fann ho eit crossfit-senter som passa midt i blinken. Og når ho først finn dei rette fasilitetane er det ikkje små koseøkter ho køyrer.

– Hehe, eg vil ha litt vekter på når eg har moglegheit. Det blir spennande å sjå om eg må ned på vektene i løpet av turen eller om eg klarar å halde det noko lunde ved like.

– Mi form for åleinetid

For reisefølgjet, kjærasten, er det heilt greitt at ho må trene innimellom.

– Han er vel byrja bli van med at eg skal trene titt og ofte.

– Blir han med på trening?

– Han er som regel ikkje med. Det blir vel mi form for åleinetid. Vi kan ikkje gå oppå kvarandre heile døgnet i tre månader, flirer ho.