Hopp til innhold

Trur ikkje svingen er skikkeleg reparert før til påske

Arbeidet med å reparere muren som rasa ut i Engjadalsvegen i Gaupne, har synt seg krevjande. Kommunen jobbar med ei mellombels løysing, men trur ikkje svingen er skikkeleg utbetra før til påske.

Engjadalsvegen

KREVANDE: Nær halve vegbana er vekk der steinmuren har gitt etter i svingen Storpreikaren i Engjadalsvegen.

Foto: Luster kommune

– Vi håpar vi får på plass ei mellombels løysing i slutten av neste veke. Men det vil nok ta ein heil del veker før vi får på plass ny veg, men kanskje klarar vi det til påske. Det er eit stort arbeid som skal gjerast, seier einingsleiar ved teknisk drift i Luster kommune, Terje Arild Kveane.

Den kommunale vegen Engjadalsvegen går frå Gaupne sentrum og slyngjer seg i svingar fem-seks kilometer opp i Engjadalen.

Kvar sving på vegen har eit eige namn, og vegen har rasa ut ved svingen som har namnet Storpreikaren.

Det bur to fastbuande familiar i området. I tillegg er området mykje nytta som tur- og friluftsområde.

Må flytte på mykje massar

Vegen vert også hyppig nytta av folk som har hytter i området. Vegen rasa ut 26. februar, og sidan har vegen vore stengd for all ferdsle, trass i at kommunen har bedd folk halde seg unna, også sjølv om dei berre ferdast til fots.

Det syner seg at det vert krevjande å reparere den vel 60 år gamle vegen.

– Vi prøver å leggje vegen godt inn i innersving, så langt inn som vi klarar, for at folk skal kunne komme seg opp og ned der på skapleg vis. Men det er viss vi klarar å få det til, seier einingsleiar ved teknisk drift i Luster kommune, Terje Arild Kveane.

Men det er ikkje eit lett arbeid kommunen er i gang med.

– Det er trongt, og det er mykje massar som skal ut. Vi får sjå kva vi får til, seier Kveane.

Fekk ingen forvarsel

Viss dei skulle klare å lage til ei slik løysing, er det berre personbilar som får køyre vegen, til naud traktor.

I tillegg vil kommunen sjekke alle dei andre murane på vegen, for å vere sikre på at det ikkje er fare for at noko liknande skjer med dei.

– Det var ingenting som tilsa at denne muren skulle ramle ned, så vi blir litt skeptiske. Vi skal iallfall gjere ein inspeksjon på dei andre, seier Kveane.