NRK Meny
Normal

Tek lang tid å bemanne høgare stillingar

Silje Mari Sunde gjekk rett inn i ei høgare stilling då ho var på jobbjakt i heimfylket. Men ofte er det utfordrande for verksemder å finne slike som ho.

Silje Mari Sunde

NY JOBB: Silje Mari Sunde ønskte seg tilbake til heimfylket. Ho hadde kunnskapen som Sparebanken Sogn og Fjordane trengde.

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

– Eg har ei teknologiutdanning og trudde eigentleg ikkje at det var jobb til meg i Sogn og Fjordane, seier Silje Mari Sunde.

Sunde vart tilsett i ei leiarstilling i Sparebanken Sogn og Fjordane i desember. Ho fann ut at Sparebanken hadde brukt for hennar kompetanse, etter å ha vore på Framtidsfylket si karrieremesse.

Silje var heldig og fekk jobbtreff på første forsøk. Men ofte kan det vere både tidkrevjande og utfordrande når verksemder i distriktet er på jakt etter slik som Silje Mari Sunde. Personar med rett kompetanse og arbeidsbakgrunn, og som ønskjer å jobbe for dei.

Kan ta lang tid

– Eg vil seie det er utfordrande å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Vi brukar lang tid på rekrutteringsprosessen, frå vi lyser ut stillinga til vi har tilsett rett person, seier Roy Elsayed, administrerande direktør i Bano AS.

Bano på Sandane er ei internasjonal verksemd. Akkurat no har dei to ledige stillingar som krev høgare kompetanse. Det tek ofte lang tid før dei får inn mange nok og gode nok søkjarar til stillingane.

– Vi må berre vere tolmodig og søkje breitt nok så får vi det til slutt, men av og til er det krevjande, seier han.

Sjølv om det kan vere vanskeleg å finne den riktige arbeidskrafta, meiner Elsayed at det er positivt for ei verksemd som deira, å halde til på Sandane.

– Eg trur det er ein fordel å vere på Sandane for dei vi tilset oftare blir verande her. Arbeidskrafta er gjerne meir stabil enn i ein storby, der folk skiftar jobb oftare, seier han.

Fjord og fjell er ikkje nok

– Arbeidsmarknad i Sogn og Fjordane er avgrensa, så ein må jobbe aktivt for å finne dei beste kandidatane til høgare stillingar, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Trond Teigene

UTFORDRING: Trond Teigene seier det er viktig å kunne tilby jobbsøkjande spennande utfordringar og ikkje berre fjord og fjell.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sparebanken har dette året tilsett tre personar i leiarstillingar, mellom anna Silje Marie Sunde. Teigene seier ein ofte må leite breitt når ein skal finne folk med den riktige kompetansen.

Ein kan ikkje lyse ut ein stilling og lene seg tilbake. Mange av dei gode kandidatane kan også finnast utanfor fylket og dei må ein oppsøke aktivt.

– Korleis kan ein lokke dei til Sogn og Fjordane?

– Nokon vil kanskje seie at flott natur, fjell og fjord er det vi kan lokke med, men eg trur det viktigaste er å kunne tilby spennande utfordringar og moglegheit til å utvikle seg, meiner han.

Meir å gjere for bemanningsbyrå

Richard Taylor er regionleiar for Personalhuset i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Dei er eit bemannings- og rekrutteringsbyrå med kontor over heile landet.

– Det viktigaste er å nå ut til dei rette kandidatane, difor er nettverk og kartlegging viktig. Så er det viktig å identifisere utflyttarane, som ofte kan vere aktuelle kandidatar, seier Taylor.

Ifølgje regionssjefen har arbeidsmengda til bemanningsbyrået vore aukande dei siste åra.

– Det er omfattande arbeid å sørgje for ei god kandidattilgang i distriktet. Det er ein klar tendens at behovet for rekrutteringstenester er aukande, og det trur eg er fordi det er tidkrevjande arbeid, seier han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.