NRK Meny
Normal

Tek ladegrep for kamp om Heimevernet

KRÅKENESMARKA (NRK): Områdesjef Stein Mortensbakke tek grep om både geværet og debatten om framtida for Heimevernet. Han fryktar for framtida til heile det norske forsvaret.

Stein Mortensbakke områdesjef HV

NYTT VÅPEN: HK416 er HV sitt nye gevær, noko Stein Mortensbakke er nøgd med.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Det er søkkvått på skytebana nokre kilometer utanfor Førde. I striregnet prøver HV-soldatane ut nye våpen.

Men i forslaget til ny langtidsplan for Forsvaret ligg det inne at Heimevernet skal kuttast frå 42.000 til 30.000 soldatar og befal. HV-distriktet for Nord-Vestlandet, med hovudbase på Åndalsnes, skal leggast ned. Stortinget får saka på bordet i haust.

Meiner politikarane er naive

– Det ser ut for at politikarane ikkje tek dette på alvor. Vi er ganske naive i Norge når vi trur vi har eit forsvar. Om dette blir gjennomført så har vi i realiteten ikkje eit forsvar lenger, så drastisk er det, seier Stein Mortensbakke og fyrer laust.

Litt lenger inne på standplass står løytnant Ole Øyvind Ness tørt. Men han blir nærast våt i blikket når han snakkar om frustrasjonane over forslaget til langtidsplan for Forsvaret.

– Motivasjonen dalar etter kvart som politikarane ikkje forstår behovet for eit forsvar der vi har lokalkunnskap og mannskap frå nærmiljøet. Det er litt tøft til tider å motivere mannskapet, seier den erfarne offiseren.

– Naudsynte endringar

Regjeringa legg opp til å bruke 7,2 milliardar kroner meir på Forsvaret dei neste fire åra, og foreslår ei styrking av forsvarsbudsjetta med 165 milliardar over dei neste 20 åra. Men Heimevernet er ei av forsvarsgreinene som skal kuttast med mange millionar årleg.

Ifølgje nettstaden aldrimer.no fekk HV-distrikta alt i mai beskjed om at det vil kome kutt, uavhengig av kva som blir vedteke i Stortinget.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) sa nyleg til NTB at ho meiner at endringane som no ligg føre er heilt naudsynte.

– Mange av avgjerdene vi skal ta no, er så langsiktige at det er mykje tene på å få eit så breitt fleirtal som råd er, sa statsråden.

– Mest mogleg Heimevern

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og hennar partifelle, Bjørn Lødemel, vil ikkje utan vidare seie at han støttar dei lokale HV-offiserane sin kamp.

– Eg er veldig oppteken av at Heimevernet skal vere i heile landet. Dersom det blir ei hard uttynning no, så vil det vere alvorleg. Eg jobbar for at vi skal ha mest mogleg Heimevern, også i vårt fylke, men tykkjer det er alt for tidleg å seie korleis dette skal bli, seier Lødemel.

I Kråkenesmarka utanfor Førde skal dei øve eit par dagar til, med flunkande nye våpen. Offiserane Mortensbakke og Ness er nøgde med dei ser.

– Når vi først har fått inn folk, så viser det seg at dei er suverene soldatar, på link linje med alt som er inne til førstegongsteneste.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.