Hopp til innhold

Tek ikkje ut tiltale i Terra-saka

Tidlegare rådmann i Bremanger, Tor-Kristian Gulhaugen, og den tidlegare økonomisjefen i kommunen slepp tiltale etter å gambla med kommunen sine pengar.

Tor Kristian Gulhaugen

SLEPP TILTALTE: Tor Kristian Gulhaugen var tidlegare rådmann i Bremanger.

Foto: NRK

Det skriv Fjordenes Tidende på nett. Men begge får 15 000 kroner kvar i bot.

Politiet har i lang tid etterforska kva som skjedde då dei første investeringane vart gjort, i det som var opptakten til kommunen sine seinare investeringar i det som er kjent som Terrasaka.

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier at dei no ser seg ferdige med saka.

– Bakgrunnen for reaksjonen er e-postkorrespondansen som gjekk mellom desse to og irske Depfa Bank i mars 2006, seier Refsnes til avisa.

Undersøkingane til politiet viser at det blei sendt med eit økonomisk reglement der det var gjort ei tilføying for opsjonar.

– Denne reaksjonen er å oppfatte som ganske mildt sett i høve til alvorligheitsgrada i saka. Vi valde førelegg sidan dette er ei gammal sak og vi har ingen haldepunkt for at det blei gjort for personleg vinning, seier han.

Tor-Kristian Gulhaugen ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.