Hopp til innhold

Meiner politikarane ikkje tek fedme-epidemien på alvor

Halvparten av alle vaksne er overvektige her til lands, og ein av fem har fedme. John Roger Andersen, fedmeforskar på Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner at politikarane ikkje tek inn over seg kor alvorleg problemet er.

John Roger Andersen

EKSPERT: John Roger Andersen er fedmeforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ikkje i stor nok grad, nei. Men det er nokre positive ting. Eg veit at politikarane ønskjer, men eg trur dei må hjelpe til i den situasjonen og ta mykje sterkare tak enn kva dei har gjort til no, seier Andersen.

Nordmenn blir berre større og større. Dobbelt så mange har fedme no som for 30 år sidan.

Fedmeforskar Andersen meiner politikarane må ta inn over seg at fedme ikkje er enkeltpersonar sin feil, men snarare samfunnet me lever i.

Meiner alle må ta tak i problemet

Han foreslår fleire gang- og sykkelvegar og mindre reklame for usunn mat.

– Eg trur at me alle saman må ta tak i at fedme til sjuande og sist ikkje er eit individuelt ansvar. Det har me forsøkt i årevis, og det har ikkje gitt effekt i det heile, seier Andersen.

Førre veke var leiande fedmeforskarar samla til konferanse i Balestrand. Dei var samde om éin ting, nemleg at det ikkje er din eigen feil om du er feit, det er samfunnet sin feil.

Det var andre gong fedmekonferansen vart arrangert. I dag er det dobbelt så mange som er feite som det var i 1980, og pilene peikar berre ein veg.

Er vanskeleg å regulere med vedtak

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Cecilie Brein-Karlsen seier problematikken er vanskeleg.

– Det er vanskeleg å regulere og vedta politisk at ein skal røre seg meir og ete sunnare, seier Brein-Karlsen.

Omtrent halvparten av alle vaksne i Norge er overvektige, og ein av fem er det ein kan kalle feite. På verdsbasis er to milliardar menneske overvektige. 500 millionar har fedme. Det er eitt av helseproblema som kostar samfunnet mest.

Regjeringa har allereie bestemt av skulefrukt-ordninga ikkje lenger skal vera gratis frå hausten av. Ho meiner likevel ikkje det er eit signal på at dei ikkje bryr seg.

– Det er ikkje eit signal frå oss på mindre satsing på folkehelse. Det at det kjem ei ny folkehelsemelding i 2015 er eit kraftig signal på at folkehelse er noko me vil satse på, seier Brein-Karlsen.