Hopp til innhold

Forbod mot kloakkutslepp og mål om dramatisk reduksjon av helsefarlege gassar

Sjøfartsdirektorat er ikkje i tvil. Forureininga og utsleppa i verdsarvfjordane må ned. Og det skal skje fort.

Cruiseskip i Flåm

MINDRE UTSLEPP: Cruiseskipa som legg til kai i verdsarvområda vil bli møtt med strengare utsleppskrav alt frå 1. januar 2019. No vert forslaga sendt ut på høyring.

Foto: Erling Oppheim

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Strengare krav til utslepp av nitrogenoksid, forbod mot kloakkutslepp og krav til svovelinnhaldet i drivstoffet er mellom tiltaka som vert sende på høyring i dag. Bakteppet er ei kartlegging av utsleppa i dei vakre, verna fjordane som gav eit nedslåande resultat.

– Vi har eit utsleppsproblem i verdsarvfjordane, seier avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet.

Alt ved årsskiftet vil dei skjerpa reglane for utslepp i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geiranger, Synnulvsfjorden og Tafjorden tre i kraft.

Å kome på Unesco si verdsarvliste er ei bragd som er få unnt. To norske fjordar har klart det, men glansbilda har dei siste åra møtt motstand i form av skjemmande og helsefarlege utslepp.

Forventar dramatisk nedgang i utsleppa

For utslepp av nitrogenoksid føreslår direktoratet ei ordning med stadig strengare krav fram mot 2025. Direktoratet tek det strengaste kravet som finst internasjonalt og gjev det tilbakeverkande kraft, noko som er svært uvanleg praksis.

– Vi har ei klar forventning om at utslepp av nitorgenoksid vil gå ned og at svovelutsleppa vil gå ned. Vi forventar óg at talet på partiklar vil gå ned, seier Pedersen.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) meiner tiltaka både er nødvendige og etterlengta.

Ola Elvestuen

NØDVENDIG: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) meiner særeigne miljøkrav i verdsarvfjordane er nødvendig.

Foto: Elise Angell / NRK

– Vi har eit ekstra ansvar fordi det er verdsarv å sørge for at miljøkvaliteten og miljøsituasjonen der er god. Tiltaka vil ha stor betydning for verdsarvfjordane og vil kome i gong alt neste år, seier Elvestuen.

Reiselivet kan tape pengar

I arbeidet med dei nye krava har det kome fram at strengare miljøkrav vil kunne føre til inntektstap for reiselivsnæringa. Pedersen vedgår at ikkje alle skip vil kunne innfri dei skjerpa krav.

– Det vil bety ein nedgang i talet på cruiseskip til desse fjordane. I verste fall vert det tap i nokre år framover, i beste fall vil det kome raskt opp på same nivå igjen, men meir miljøvenleg.

Klima- og miljøminister Elvestuen er ikkje uroa for eit mogleg inntektstap for reiselivsnæringa.

– Skal vi få til ei endring og ein meir miljøvennleg skipsfart, må vi vere villige til å stille krav som fører til den endringa vi ønskjer.

Set foten ned for kloakkutslepp

Direktoratet føreslår at dei største skipa får forbod mot å sleppe ut både kloakk og gråvatn (vatn frå oppvask, handvask, dusj osv.) i verdsarvfjordane.

– Fjordane har sakte utskifting av vatn, det er stor båttrafikk og kolossalt mange menneske om bord på desse båtane. Det gjer at både kloakk- og gråvatnutslepp potensielt er store og kan vere eit stort miljøproblem vi må få kontroll over, seier Pedersen.

Tiltaka omfattar også regulering av bruk av eksosvaskesystem og krav om ein miljøinstruks.