NRK Meny
Normal

Tek fleire med rus på landsbasis, men færre lokalt

Fleire målretta kontrollar har gjort at UP har teke fleire rusa bilførarar enn i fjor, men situasjonen er ein annan på dei lokale lensmannskontora.

Promillekontroll på Eid

FÆRRE LOKALT: Medan UP klarar å ta fleire rusa førarar er situasjonen ein annan hos det lokale politiet. Foto/redigering: Arne Stubhaug

UP har teke heile 50 prosent fleire enn i fjor. Samstundes har det lokale politiet i Sogn og Fjordane og Hordaland teke færre.

Få kontrollar lokalt

For det er ikkje ofte folk her opplever promillekontroll.

– I mi karriere som yrkessjåfør sidan 1980 har eg truleg berre blitt stoppa tre gonger, seier Gisle Kongsvoll då han blir stoppa i ein promillekontroll på Eid.

Årsaka er eit større press på ressursane.

– Eit lite lensmannskontor har mykje dei må gjere som er like viktig. Men sjølvsagt kunne vi hatt fleire kontrollar, ein kan alltid ha meir av noko, seier politibetjent ved Eid lensmannskontor, Synnøve Skulstad.

Meir målretta kontrollar

Men hos UP har nytt utstyr og meir målretta kontrollar gjeve resultat i år. For på landsbasis har dei tilpassa kontrollane til når ruskøyringa er hyppigast.

– Den går føre seg rundt midnatt og mest i helgene. Det er då vi legg opp vår avdekkande kontrollverksemd. Det er veldig mykje meir målretta, seier UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.