Hopp til innhold

Tek eit skarpt oppgjer med fylket som Fjord1-eigar

HERMANSVERK (NRK): Leiinga i Fjord1 tek bladet frå munnen og kjem med knallhard kritikk mot Sogn og Fjordane fylkeskommune og prosessen av eit mogleg sal av ferjeselskapet.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

SVÆRT KRITISKE: Dagfinn Neteland og Reidar Sandal på veg inn til det lukka møtet i fylkesutvalet på Hermansverk måndag.

Foto: Grete Roska / NRK

NRK møtte styreleiar Reidar Sandal og administrerande direktør Dagfinn Neteland rett etter at dei for første gong hadde fått høve til å orientere fylkesutvalet på sitt syn i den vanskelege Fjord1-saka.

– Vi synest at dette har vore ein svært krevjande prosess for selskapet. Vi føler at vi ikkje har fått den naudsynte dialogen med fylkeskommunen som eigar. Dei har køyrd prosessen med eksterne konsulentar, og styret og administrasjonen i Fjord1 har vore haldne utanfor den prosessen, seier Neteland til NRK.

Vil drive vidare som eige selskap

Dette er sterke ord frå ein toppsjef i eit delvis offentleg eigd selskap, men Neteland legg ikkje skjul på at han står for ei linje som er stikk i strid med det synet fylkesrådmannen og hans rådgjevarar har på saka. Dei vil selje selskapet til konkurrenten Torghatten, det synest Neteland er ein dårleg idé.

– Vi ønsker å vere med på valet framover, vi har eit ønskje om å vidareutvikle Fjord1 som eit frittståande selskap, og ikkje bli selde til ein konkurrent. Vi har klokkartru på selskapet. Vi har dokumentert at vi har kraft, og vi er det leiande selskapet. Den posisjonen har vi lyst å utvikle vidare, seier Neteland.

– Spesiell prosess

Styreleiar Reidar Sandal støttar synet til Fjord1-sjefen og meiner at prosessane rundt eit mogleg sal av fylkeskommunen sin eigarpost ikkje har vore slik den bør vere.

– Det har vore ein veldig spesiell prosess, og det gav vi uttrykk for i møte med fylkesutvalet i dag. Denne prosessen har til og med vart i 18 månader, og det har sjølvsagt vore krevjande for selskapet og vår utvikling, seier Sandal.

Møtet i fylkesutvalet starta klokka 11 måndag føremiddag, og litt før klokka 14 var møtet enno ikkje ferdig. Fylkesutvalet valde å lukke møtet for publikum og presse.

Mykje tyder på at det ikkje blir fatta noko vedtak i saka i dag, og at ein då må ha minst eitt nytt møte i fylkesutvalet før fylkestinget skal samlast 23. november.

– Ingen blir haldne utanfor

I ein pause klokka 14.30 måndag ettermiddag svara fylkesordførar Jenny Følling på kritikken frå leiinga i Fjord1.

– Eg har forståing for at ein eigarskapsprosess som har pågått i 18 månader er vanskeleg for eit styre. Eg tenkjer at vi må gjere det vi kan for å lande prosessen og at vi skal ha ein god dialog med styret i Fjord1, seier Følling.

– Fjord1 hevdar at dei har blitt haldne utanfor, kva seier du til det?

– Her er ingen som blir haldne utanfor. Det er ein konkurranse om aksjepostane. Det er det totale som avgjer kva val vi tek.